Norsk Kulturarv
Olavsrose nr. 100:

Olavsrosa til Norsk Design- og Arkitektursenter

11.07.2008

Norsk Design– og Arkitektursenter – DogA – er tildelt Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke, og er dermed nummer 100 i rekka av stader som har fått Olavsrosa. DogA har fått Olavsrosa for djerv formidling av ein del av Oslos industrihistorie for nåtid og framtid.

Direktør Grete Horntvedt i Norsk Kulturarv, byråd for utvikling Merete Agerbak Jensen, statssekretær Annelene Svingen, Peter Groth, Inger-Lise Skarstein og Anna Hammer
Statssekretær Annelene Svingen frå Nærings– og handelsdepartementet og styreleiar Inger–Lise Skarstein i Norsk Kulturarv stod for utdelinga. Dagleg leiar Anna Hammer og konserndirektør Peter Groth i Aspelin Ramm mottok prisen på vegne av DogA.

DogA held til i den gamle transformatorstasjonen til Oslo Energi i Hausmannsgate 16 i Oslo. Design– og Arkitektursenteret får Olavsrosa for djerv formidlinga av eit stykke av Oslos industrihistorie, og for konsekvent gjennomføring og usentimanetal tilpassing til ny bruk.

Slik har Norsk Design– og Arkitektursentrum tatt vare på dei kulturhistoriske verdiane i den gamle trafostasjonen, og oppfyller på denne måten kriteria for kvalitetsmerket Olavsrosa, samtidig som dei har forplikta seg til å formidle denne delen av kulturarven til publikum.

Hausmannsgate 16 består av tre forskjellige arkitektoniske stilretningar: Hausmannsgate Understasjon i raud teglstein frå perioden 1898–1912 er oppført i klassisk stil, bygningen mot Hausmannsgate frå 1917 er i jugendstil, og Ankertorget Understasjon nær Akerselva er oppført i funksjonalistisk stil. Dei seinare åra har staden fått tilført nye kvalitetar gjennom ei omfattande ombygging i nært samarbeid med Byantikvaren i Oslo. DogA framstår i dag som landets leiande utstillingsvindauge for arkitektur og design.


Kulturarvpartnere

Samarbeidspartnere














Norsk Kulturarv, Vågåvegen 35, 2680 Vågå – Telefon: 61 21 77 20 – Faks: 61 21 77 01 – E–post: post@kulturarv.no
Nettsidene er utviklet av: Intellicom AS