Programmet for møtet var først og fremst gjensidig orientering og statussummering av arbeidsoppgaver, i tillegg til arbeidsplanar for den nærmaste tida, der også sider ved dei meir langsiktige utfordringane for Norsk Kulturarv vart tatt opp. I samband med møtet var det omvising i Vågå næringshage, der Norsk Kulturarv har kontor i lag med fleire andre bedrifter og organisasjonar. Næringshagen held til i det gamle ysteriet frå 1937, som nå er ombygd til kontorlandskap i regi av Næringshagen Nord–Gudbrandsdal.
Etter møtet var det felles nyttårslunsj, inklusiv spasertur forbi Vågåkyrkja, som har hatt si nåverande form sia 1630 – og som dermed har vore ute ein vinterdag før...