Tildelinga skjedde under det årlege sommarstemnet til
Storfjordens Venner, denne gongen på
Røneset gard. Leiar Asgeir Kvernberg fekk overrekt prisen av fylkesmann Lodve Solholm i Møre og Romsdal.
Fagrådsleiar i Norsk Kulturarv, Jens Peter Ringstad, sa at Storfjordens Venner er tildelt Norsk Kulturarvs Ærespris i 2010 for deira innsats gjennom 35 år med berging av veglause fjell– og fjordgardar i Storfjorden på Sunnmøre og formidling av den spesielle historia om livet der ingen skulle tru at nokon kunne ha budd.
Norsk Kulturarvs Ærespris består av ein punsjbolle etter gammalt design frå Gjøvik Glassverk og eit diplom. Føremålet med prisen er å fremja interessa for den norske kulturarven. Alle medlemmer av Norsk Kulturarv kan foreslå kandidatar.
Æresprisen kan gjevast til enkeltpersonar eller grupper, lag og organisasjonar som har vist evne og vilje til å yte aktiv innsats for ivaretaking, aktualisering, formidling eller tilgjengeleggjering av den norske kulturarven. Det kan utdelast maksimalt ein pris årleg.
Storfjordens Venner vart stifta 12. juli i 1975, og arbeider for å verne om kulturminne og levande tradisjon. Interesseområdet for foreininga er dei nedlagde fjord– og fjellgardane kring Storfjorden på Sunnmøre med fjordarmane Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden, Norddalsfjorden og Tafjorden. På fråflytte fjord– og fjellgardar ved Storfjorden gjenreiser og restaurerer Storfjordens Venner bygningar finansiert ved eigne midlar, dugnad, offentlege og private tilskot. Mange eigarar får tilskot til restaurering og transport. Storfjordens Venner har òg delteke i rydding og vedlikehald av råser, stell av kulturlandskap m.m.
Foreininga arrangerer kvart år Storfjordstemne og gir ut Storfjordkalenderen. Den innhaldsrike Storfjordkalenderen har årleg blitt utarbeidd av Harald Kjølås, og skildrar dagleglivet på fjord– og fjellgardane gjennom tekst og foto.
Storfjordens Venner eig garden
Ytste–Skotet, som var ei gåve til foreininga frå dei tidlegare eigarane. Garden blir drifta av Stiftinga Ytste–Skotet i samarbeid med
Sunnmøre museum. Storfjordens Venner står for restaureringa av garden. På Ytste–Skotet får elevar og andre besøkande lære om og oppleve gamle tradisjonar i eit eigna miljø. Garden tek mot besøk i perioden mai til september. Store delar av nedslagsfeltet for Storfjordens Venner er ein del av verdsarven Vestnorsk fjordlandskap.
Tidlegare vinnarar av Norsk Kulturarvs ærespris:
- Nasjonale turistveger 2007
- Harald Grytten 2008
- Engøyholmen kystkultursenter 2009
GRUNNGJEVINGA FOR ÆRESPRISEN TIL STORFJORDENS VENNER:
Norsk Kulturarvs ærespris for 2010 er tildelt Storfjordens Venner for deira innsats gjennom 35 år med berging av veglause fjell– og fjordgardar i Storfjorden på Sunnmøre og formidling av den spesielle historia om livet der ingen skulle tru at nokon kunne ha budd.
Storfjordens venner har klart å skape ei eineståande interesse for historia til dei veglause fjell– og fjordgardane i Storfjorden gjennom si verksemd. Historiene om enkeltpersonane som har trassa naturkreftene og halde ut på til dels marginale buplassar – der enkelte har klart å skape seg ein god leveveg med allsidige menneskelege ressursar, og der hardt arbeid har løfta kvardagsmenneske til å bli lokale heltar.
Høgt medlemstal og stort frammøte på dei årlege sommarstemna vitnar om at dette har blitt ei "folkerørsle". Foreininga har ein posisjon i regionen som det står respekt av og som kjem til nytte i laget si verksemd.
Prisen er særleg fortent når ein ser på resultatet av dei mange istandsetjingsprosjekta som Storfjordens Venner har gjennomført i desse 35 åra. Mange har vore svært krevjande "anleggsplassar" med utfordringar når det gjeld mellom anna transport av material og arbeidsfolk, innlosjering og kost.
Organisering og prosjektleiing har også bydd på utfordringar utanom det vanlege. Foreininga har teke tak i oppgåver der eigarane åleine ikkje har makta å stoppe forfallet, fått i stand gode avtalar med til tider fleire eigarar, skaffa dugnadsfolk, utarbeidd søknader om tilskot, organisert tiltaka, skaffa gode handverkarar, hatt eit tett og godt samarbeid med antikvariske styresmakter og gjennomført arbeidet med fast prosjektleiing, høg kvalitet og godt resultat. I andre samanhengar har ein gitt ei handsrekking med tilskot til materialkjøp eller hjelp til helikoptertransport. I starten har det vore mykje bygningsvern, men i seinare tid har ein også restaurert veger, råser og samanhengande kulturlandskap.
Resultata av dei mange tiltaka finn ein langs heile Storfjorden, frå sjøkanten til gardane på fjellhyllene: Mange unike bygningar som no er i ein relativt god vedlikehaldssituasjon, rydda vegar, råser og kulturlandskap.
Ein viktig del ev den norske kulturarven er sikra for ettertida.