Norsk Kulturarv
Seniorbudeia på Brenden Seter:

Kongens fortenestemedalje til Bergljot Brenden

09.07.2010

Bergljot Brenden på Brenden Seter i Lordalen, Lesja har fått Kongens fortenestemedalje i sølv.

Budeia med Kongens sølv. Foto: Mathias Øvsteng
Det er ein uvanleg lang og sterk innsats for levande setertradisjon og lokale mattradisjonar som ligg bak utmerkinga. Lesja kommune var vertskap for den høgtidlege markeringa i Tunstugu på Lesja Bygdemuseum 2. juli, med ordførar Per Dag Hole som Kongens representant.

Bergljot Brenden har sytti år bak seg som seterbudeie – dei første ti som "underbudeie". Tradisjonen er vidareført gjennom dottera May, som nå er i ferd med å levere budeietradisjonen vidare til si svigerdotter. I tillegg er to representantar for enda ein generasjon  i familien aktivt med i seterstellet.

Brenden Seter har vore i uavbroten, tradisjonell drift sia tidleg 1600–tal, kanskje før. Setra er nå ei av to som ennå er i tradisjonell drift i Lordalen – av i alt 38 setrer. I tillegg driv budeiene formidling av sine tradisjonar til gjester, og for summen av kvalitetar vart setra tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa for tre år sia.

Ordførar Per Dag Hole var kveldens vert og Kongens sendemann. Foto: Mathias Øvsteng

Kulturarvpartnere

Samarbeidspartnere














Norsk Kulturarv, Vågåvegen 35, 2680 Vågå – Telefon: 61 21 77 20 – Faks: 61 21 77 01 – E–post: post@kulturarv.no
Nettsidene er utviklet av: Intellicom AS