LesjaLesja kommune (2 100 innb.) er ein fjellkommune lengst nord i Gudbrandsdalen. Frå Lesjaskogsvatnet renn Gudbrandsdalslågen mot sør og Rauma mot vest gjennom Romsdalen. Jordbruk er basisnæring, med den drenerte Lesjaleira som eit sentralt dyrkingsareal. På Bjorli er det stor reiselivssatsing, bl.a. med utgangspunkt i gode snøforhold. Delar av Reinheimen og Dovrefjell nasjonalparkar ligg i Lesja. Kommunen har store fjellområde, med bl.a. villrein. Jakt– og fangstkulturen står sterkt i kommunen. Brenden Seter har Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa. |
|
Brenden Seter |  | Setra har vore i uavbroten, tradisjonell drift sidan tidleg 1600-tal, kanskje før. Dei eldste seterhusa er frå 1600-talet. Selet med peisestove er frå 1727, og kan leigast for overnatting. Fleire kongar har vore i Lordalen, deriblant Olav den Heilage. Det er fire generasjonar på setra, 4 budeier og 1 budeirull. Brenden Seter har eige ysteri. Setermuseum i det gamle fjøset frå 1600-talet. Eit gamalt sel til er under restaurering. Ei av budeiene har matkulturstudiet og natur- og kulturturismestudiet. Ei anna er utdanna kokk. Den eldste budeia er registrert på Maihaugen som tradisjonsberar, og Maihaugen har laga to videoar med ho og hennar kunnskapar. Ho fekk Ildsjelprisen i 2004 frå Norges Vel for innsatsen sin innan matkultur. I 1948 kokte ho den Gudbrandsdalsosten som fekk gullmedalje på Verdsutstillinga. Salg av handverk og lokalprodusert mat som ost og rømme. Guida tur til natur- og kulturminne må tingast dagen før. Seterkurs. Små og store dyr, bl.a. killingar. Setra har rike mattradisjonar. Tradisjonsbakst. | Les meir...
| Lesja Bygdemuseum |  | Lesja bygdemuseum har fokus på deltaking og aktivitet. Om sommaren er det dagleg fleire aktivitetar i husa og ute på tunet, særskilte aktivitetar for barn. Friluftsmuseet gir eit godt bilete av byggeskikk, arbeidsoppgåver og levekår i eldre tid. Utstillinga "Villreinjegerane kjem" syner gjennom bilete, modellar, gjenstandar og aktivitetar, villreinfangsten si betyding og utvikling gjennom 40 000 år. I tillegg er det utstillingar om drakter, handverk og krigshandlingane i 1940. Servering både i tunet og på Tunstugu. Fellesbillett m Lesja kyrkje. | Les meir...
| Lesja jernverk |  | Den 1,5 km lange kulturstigen går i det vakre området rundt Lesjaverk gard, Lågen og Lesjaverk kyrkje. Tavlene informerer om Lesja jernverk som var i drift frå 1659 til 1812 og ulike spor etter drifta. Den delvis restaurerte masomnen frå 1757 er den einaste i landet frå denne epoken. Hovudbygningen frå 1734 er jernverkets gamle hovudbygning. Eit nybygd hus inneheld informasjon om området. Det finst òg ein lengre kulturstig opp til Fjellgruvene i Gruvlie. | Les meir...
| Natur- og kulturstigen på Dalsida |  | Stigen går gjennom fjellskog med fleire hundre år gamle furutre, forbi kleberberg og gamle seterhus, over myrer, langs vatn og elver. I alt 28 postar fortel om naturen og kulturhistoria i området. Du kan lesa om berggrunn, planter, dyr og kulturminne av både ny og gamal dato. Stigen er ei vandring gjennom historia til fjelldalen og syner korleis menneske og dyr har levd i samspel med omgjevnadene. Dei eldste spora etter menneske er 5500 år. Stigen kan gåast som ei runde på 10 km, eller delast opp i mindre etappar. Revidert og nyopna i 2007. | Les meir...
|
|
|
|
|