Lom

Lom kommune (2 400 innb.) ligg i Ottadalen i Oppland fylke. Store delar av Jotunheimen nasjonalpark ligg i Lom, som også har delar av Reinheimen innafor sine grenser. Kommunen har både tamrein og villrein. Lom sentrum er utpeikt som nasjonalparklandsby. Lom har dei langt fleste totusenmetertoppane i Jotunheimen, deriblant dei to høgste, Galdhøpiggen og Glittertinden. Jordbruk er basisnæring. Området er svært nedbørsfattig, og vatningskulturen har alltid stått høgt, noko dei gamle demningane og vassvegane frå fjellet viser. Reiseliv er ei svært viktig næring i Lom, særleg sommarstid. Lomskyrkja og Storstabburet er to sentrale landemerke i Lom. Sommarskisenteret på Juvbreen har stor trafikk heile sommarhalvåret. Røisheim Hotell og Skysstasjon har Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa.

Røisheim Hotell og Skysstasjon

Gården Røisheim ligger der Visdalen, som skjærer inn i Jotunheimen, møter Bøverdalen. Navnet sier noe om forholdene for jordbruk her, men navnet indikerer at gården ble ryddet før år 1200. Den gang lå tunet på andre siden av elva, men da gården ble tatt av ras, ble den bygd opp igjen i dagens tun. Vegen gjennom Bøverdalen var kongeveg fra gammelt av og en av hovedvegene mellom Bergen og Østlandet. Som siste gård før Sognefjellet, og med skyssplikt helt over til Luster, var Røisheim fra gammelt av godt kjent blant de reisende. Navnet turiststasjon ble tatt i bruk om gården i 1858, og fra 1870-årene ble stedet sentrum for Jotunheimens første fjellturister som hadde Galdhøpiggen som natulig siktemål. Senere ble også kunstnere forelsket i stedet. Mange kjente malere, diktere og komponister levde gode dager i gjestfriheten på Røisheim og kom igjen år etter år: Gude, Grieg, Ibsen, Garborg og Munthe er noen av navnene som figurerer i gjestebøkene i tillegg til mange navn med kongelig pondus. Røisheim framstår også i dag som et hotell utenom det vanlige, med sine mange, velholdte og freda hus i tunet. Stabburet, som er det eldste, kan dateres tilbake til 1500-tallet. Dette er rammen for et gourmet-kjøkken og et overnattingstilbud du knapt finner maken til.
Les meir...

Andvord gard

Historia på Andvord gard går attende heilt til vikingtid. Garden har vore brukt som tingstad i 250 år. Bygningsmassa er restaurert for å tilfredstille vår tids krav til komfort. Vi legg vekt på at gjestane våre skal få ei unik oppleving og eit varig minne. Våre kokkar stiller store krav til råvarene og foretrekkjer kortreist mat. Våre stuer er rikt utsmykka med antikvitetar og kunst frå lokale og nasjonale mestere. Den vakre tingsalen fungerer som konferansesal og har trådlaust nettverk og det nødvendige moderne utstyr for kurs/konferanse.
Les meir...

Bordvassvegen

Bordvassvegen er ei kulturvandring langs ein vassveg. Ottadalen er svært nedbørsfattig. Det er berre takka vera eit gamalt og innvikla vatningssystem at det har vore råd å drive jordbruk frå gamalt av i området. Ved å grave vassvegar - kanalar frå fjellet - frå brekanten eller frå ei tepping (kunstig dam der smeltevatnet vart lagra) greidde ein å skaffe vatn til turr åker og mark i dalbotnen. Bordvassvegen er ein av mange slike vassvegar i Lom.
Les meir...

Brimi Sæter

Brimi Sæter har hatt budeie og sæterdrift så lenge folk kan hugsa. Slik ynskjer vi det skal vere i framtida også. Vi på Brimi Sæter ynskjer i framtida å ta nokre steg attende, og basere drifta litt på same måte som før i tida. Vi vil foredle mesteparten av mjølka sjølv, for sætermjølka har ein unik kvalitet som desverre har vore bortgløymt i norsk landbruk i mange år. Som gjest kan du oppleve og lære om sæterlivet i ein heilskap - dyr, ysting, lokal mat, forteljing, folkemusikk og hulder...
Les meir...

Fangstanlegg - Gråvåhøe

Ved Gråvåhøe kan ein finne spor etter gammal reinfangstkultur, bygd opp rundt trekkvegar i eit tidlegare villreinområde. Namnet Gråvåhøe kjem av ordet grav, og fjellområdet rundt er rikt på spor etter gravfangst på rein. Rundt Gråvåhøe finn ein fem ulike fangstanlegg. Talet på graver varierer i dei ulike anlegga. Ved to av gravene ser ein også bågåstelle, som er små murar som bogeskyttarane gøymde seg bak. Fram og attende er fotturen ca 12 km, og ein må rekne 5-8 t. Det er inga oppmerking langs turruta. Kart over området er naudsynt.
Les meir...

Fossheim Steinsenter

Ein gamal tømmerlåve er bygd saman med innehuset frå Viste der foreldra til Knut Hamsun tente, og frå her går det gang under bakken til det gamle fjoset på Fossheim. I Steinsenteret finn du den største "steinbutikken" i Norden med stort smykkegalleri, vidare landets mest omfattande utstilling av norske mineral. I Holo heng salgsutstillinga "Kunst eller berre stein ?" med steinskulpturar og geokunst av mange slag ved sida av fossilar frå fisk til dino-egg, bruksting av stein og oldsaker. I Fjoset har vi skiftande temautstillingar.
Les meir...

Fossheim Turisthotell

Fossheim Turisthotell, som opphavleg var gardsbruk og skysstasjon, opna dørene som hotell i 1897. Hotellet har fleire gamle hus, bl.a. den freda "Gaukstadstugu" frå 1600-talet. I dag er staden mest kjend gjennom meisterkokken Arne Brimi og hans "Naturens kjøken". På Fossheim kan du få ei storveges matkulturell oppleving med røter i norsk tradisjon.
Les meir...

Lom Bygdemuseum

Lom Bygdemuseum ligg i gangavstand frå turistinformasjonen i Lom. Museet består av 26 antikvariske bygningar frå ca. 1650-1940. I Storstabburet, eit gammalt kornmagasin frå ca. 1650, kan du sjå utstillinga "Vatn og korn". Utstillinga viser korleis Lom, Norges mest nedbørsfattige område, vart ei fruktbar kornbygd på 18- og 1900-talet. I utstillinga kan du i tillegg sjå en nyredigert dokumentarfilm frå 60-talet om korleis det unike kanaliserings- og irrigasjonssystemet i bygda gjorde dette mogleg.
Les meir...

Lom stavkyrkje

Det er over 850 år sidan lomværane felte malmfuru til denne mektige stavkyrkja. Lomskyrkja er nemnt i kjelder, fyrste gongen i 1240, men trevirke er datert 1158. Kyrkja, som er vigsla til Jomfru Maria, Johannes døyparen og Heilag Olav, er av basilikatypen. Den eldste delen er bygd i romansk stil med dei typiske runde bogane. Seinare er kyrkja ombygd fleire gonger. Preikestolen og korbogen, som stammer frå 1700-talet, har rike utskjeringar. Lomskyrkja er framleis hovudkyrkja i bygda, og blir stengd for "anna publikum" ved kyrkjelege handlingar.
Les meir...