VågåVågå kommune (3700 innb.) ligg i Ottadalen i Oppland fylke. Lemonsjøen, Sjodalen og Gjendeområdet med Besseggen er kjende reiselivsområde. Vågåkyrkja er eit sentralt landemerke i Vågåmo. Delar av nasjonalparkane Jotunheimen og Reinheimen ligg i kommunen. Kommunen omfattar store høgfjellsområde, og har bl.a. både villrein og tamrein. Jordbruk er basisnæring. Ottadalen er fattig på nedbør, og vatningskulturen har alltid stått høgt i delar av Vågå, noko gamle demningar og vassvegar i fjellet viser. Reiseliv er også blant dei viktige næringane. Vågå er med sine 155 freda hus den kommunen som har flest freda tømmerbygningar. Olavsroseinnehavarane Sygard Storrvik og Valbjør Gard ligg i kommunen. |
|
Sygard Storrvik |  | Sygard Storrvik er en fredet gård som ligger i Vågå kommune, omkranset av fire nasjonalparker: Jotunheimen, Rondane, Dovrefjell og Reinheimen, med de høyeste fjelltoppene i Norge. Den mektige naturen er som skapt for aktiviteter som fjellturer, fiske, brevandring, rafting, hesteridning, sykkelturer, ski og alpint. På garden finnes fem utleiehytter i ulik størrelse. Alle er høystandard tømmerhus med torvtak, stue og kjøkkenkrok, langbord og benker, sofagruppe, TV med kabelanlegg, dusj og toalett med golvvarme. Kjøkkenet er fullt utstyrt. De store hyttene har to soverom. Vi har helårsåpent, med fritt fiske både sommer og vinter på eierens grunn. Ønsker du stillhet, fred og ro, er dette stedet for deg. Velkommen til oss! | Les meir...
| Valbjør Gard, Vågå gardshotell |  | Valbjør har eit freda gardstun med historie attende til vikingtida. I dag er det 12 hus på garden frå 1600-, 1700- og 1800-talet. Husa er restaurerte og tilrettelagt for utleige og omvising, og syner fram ein stor rikdom av gamalt handverk og gamle tradisjonar. Garden er omlagd til økologisk drift, og har produksjon av geitmjølk, eigen gardsbutikk med spekepølse av geit, ost, urter og ymse lokalt handverk. Garden ligg fritt og vakkert til på nordsida av Vågåvatnet med utsyn mot Jotunheimen. Valbjør ligg i eit vakkert, levande kulturlandskap med rike turmoglegheiter i både sommar og vinter. Til garden høyrer også seter og fiskebuer i Sjodalen som i perioder er til utleige. Dei ligg i rolege og barnevennlege omgivelser. Valbjør gard er med i eit spanande samarbeidsprosjekt med fleire andre gardar i Gudbrandsdalen: GARDMILLOM - Kulturgardar i Gudbrandsdalen www.gardmillom.no som går av stabelen veke 30, siste veka i juli. Der kan ein oppleve levande handverkstradisjonar, utstillingar, konsertar, husdyr, dans, mat, og mykje meir. Sjå meir på www.gardmillom.no. Vi har no fullført restaureringa av Aasheimstugu, som er open for overnatting. Vi har no vel 20 sengeplassar fordelt på 8 rom, tilrettelagt for sjølhushald. Vi er og med i Vågå gardshotell, sjå www.gardshotell.no. | Les meir...
| Flomstein - "Storofsen" |  | Flomsteinen viser kor høgt Ottaelva har gått i ymse flomperiodar. Det høgste flommålet var 20.-24. juli 1789, da "Storofsen" feia over Ottadalen og Gudbrandsdalen, etter langvarig regn og høge temperaturar. Denne skadeflommen er den verste ein veit om i dette området. Vatn og jordras sopte hus og gardar på elva, og landskapet vart mykje endra. Mjøsa vart fylt opp av hus, tre og annan vegetasjon, og vatnet var som graut. 68 menneske og 900 dyr miste livet under Storofsen, og 1082 hus vart raserte, i tillegg til omfattande naturøydeleggingar. | Les meir...
| Helle, Vågå gardshotell |  | Helle er en gammel slektsgard med utsikt over Vågåvatnet, som har hatt pensjonatvirksomhet siden første halvdel av forrige århundre. Navnet er et gammelt vin-navn (Hellvin), som betyr "hallende eng". Tørrstugu (gammelt tørkehus for bl.a. korn) på Helle er ombygt til overnattingsrom for to til fire personer, og er nå en del av tilbudet til Vågå gardshotell, www.gardshotell.no. Vertinna Mette Ragnhild Helle ønsker velkommen til overnatting og frokost på den gamle garden. Tørrstugu kan også leies for selvhushold.
| Les meir...
| Jutulheimen Bygdemuseum, Vågå |  | I Jutulheimen Bygdemuseum er det samla ti bygningar frå 1700- og 1800-talet som tidlegare var i bruk på ulike gardar i Vågå. Utstillingar om mellom anna jordbrukets oppkomst og Jo Gjende. Jutulheimen har lokale for bryllup, slektsstemner og barnedåp. Både tilstellingar og omvising kan avtalast også utanom vanlege opningstider. | Les meir...
| Jutulporten - Jutul'n og Blessomen |  | Segna om Jutul'n og Blessomen knyter seg til fjellformasjonen Jutulporten. Bak denne "porten" budde det lokale trollet Jutul’n saman med kjerringa si. I følgje segna har ingen sett Jutul’n sia Jehans Blessom frå Vågå fekk skyss med han heimatt frå København. Ferda gjekk både på land og i lufta, og Jehans fekk klar melding om ikkje å snu seg om han høyrde noko uvanleg da dei var komne fram. Sjølvsagt snudde han seg likevel da han høyrde eit brak, og fekk sjå den opne porten der det skein av gull. Etter den dagen var Blessomen skakk i nakken... | Les meir...
| Kvennberget - møllesteinproduksjon |  | I det freda kvernberget finst delvis uthogne kvernsteinar, tuppfyllingar og kasserte steinar som vitnar om aktiv næringsdrift og lang historie. Kvernberget har dokumentert drift frå 1400-talet, men det er grunn til å tru at det alt i vikingtida vart brote kvernsteinar i området. Før skadeflommen "Storofsen" i 1789 vart kvernsteindrifta i åsen rett overfor plassen der restane er synlege i dag. Granatglimmerskiferen i berggrunnen ga kvernsteinar av god kvalitet. Kvernsteinane gjekk også til eksport, til Danmark, Nederland og andre land i Europa. | Les meir...
| Kviten, Vågå gardshotell |  | Kviten er eit lite småbruk som ligg på ei høgde langs Vågåvatnet og har ei fantastisk utsikt. Kviten hadde ikkje hatt busetnad sidan 70-talet, da Øistein og Anne-Mari kjøpte garden i 2001 og bygde opp att småbruket. Det eine huset er blitt restaurert til å bli ein del av Vågå gardshotell. I hagen utanfor hotellrommet kan du plukke åtte forskjellige bærsortar, eller berre nyte utsikta og kjenne roa. Det er flotte turmulegheiter frå Kviten. | Les meir...
| Nordigard Blessom, Vågå gardshotell |  | Nordigard Blessom er etter det som blir sagt, ein av dei eldste gardane i Vågå. Garden ligg i gangavstand frå Vågåmo sentrum med utsyn mot den gamle stavkyrkja og Jutulporten, som er kjent frå Asbjørnsen og Moes folkeeventyr. Nordigard Blessom er ein del av den særprega gardrekkja der Sandbu-gardane, Gardsøy, Haugøy og Håkenstad er sentrale element. Tunet på Nordigard Blessom har fleire gamle tømmerbygningar, der den eldste stugua frå ca 1750 nå er restaurert og blir leigd ut til gjester. Garden er med i Vågå gardshotell, www.gardshotell.no. | Les meir...
| Riddarspranget - segna om Skårvangssola |  | Riddarspranget i fjellelva Sjoa har namnet frå segna om Valdresriddaren Sigvat Kvie, som etter brurerov på Sandbu i Vågå flykta over dette elvejuvet med den vakre jenta "Skårvangssola". Sandburiddaren Ivar Gjesling var i hælane på han med sine menn. For å vise korleis det ville gå med den som prøvde seg på forfølging, støytte Sigvat ein av sine menn ned i fossen. I følgje segna måtte Sigvat seinare betale skadebot for brurerovet. Vi åtvarar mot å prøve å hoppe over juvet. Det er livsfarleg! | Les meir...
| Vågåkyrkja |  | Stavkyrkja i Vågå frå 1100-talet, som var vigsla til St. Peter, vart flytta dit ho ligg i dag og bygd om til krosskyrkje i 1630. Inngangsportalen og dekorerte veggplankar stammar fra den gamle stavkyrkja. Kyrkja har døypefont i kleberstein frå 1100-talet, og eit stort krusifiks frå middelalderen. På kyrkjegarden kan du sjå mange særeigne gravminne i tre og kleberstein. Den legendariske reinsjegeren Jo Gjende er gravlagd her. Tett ved kyrkja står eit tømra tårn frå 1800-talet, klokkestupulen, der kyrkjeklokkene heng. Omvising i juli. | Les meir...
|
|
|
|
|