Sør-FronSør–Fron kommune ( 3 200 innb.) ligg midt i Gudbrandsdalen i Oppland fylke, med landbruk, reiseliv og industri som viktige næringar. Hundorp Dale–Gudbrands gard, som er kjend frå møtet mellom Heilag Olav og Dale–Gudbrand i 1021, er Oppland fylkes tusenårsstad. Den særprega åttekanta kyrkja, som også blir kalla "Gudbrandsdalsdomen", er eit kjent landemerke ved kommunesenteret Hundorp. Sør–Fron er den kommunen som har flest innehavarar av Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa: Sygard Grytting, Rudi Gard, Hundorp, Dale–Gudbrands gard, Solbråsetra og Per Gynt–framføringa, som føregår ved Gålåvatnet i august kvart år.
|
|
Hundorp, Dale-Gudbrands gard |  | Sogeskrivaren Snorre Sturlason har skildra møtet mellom Olav Haraldsson og Dale-Gudbrand på Hundorp i 1021 på denne måten: Mens sola er i ferd med å renne i aust, blir bøndene under leiing av Dale-Gudbrand vitne til at Kolbein Sterke, ein av hærmennene til Olav, knuser Torsguden deira. Mus store som kattar, øgler og ormar myldrar fram frå den øydelagde treguden. På førehand har Olavs menn øydelagt båtane til bøndene og jaga hestane deira, slik at dei ikkje kan rømme. Mens dette skjer, skal Olav ha sagt: "Sjå der kjem vår gud med mykje lys" - og sola stod opp over åsen. Med ein slik regi er det ikkje vanskeleg å forstå at dølene tok trua til Olav. Med Dale-Gudbrand i spissen bygde dei ei kyrke på staden, den første i Gudbrandsdalen. Også i dag er Hundorp sterkt prega av historia med alt frå unike gravminne og andre fornminne til bygningar i storgardsstil frå førre hundreår. I tillegg finst det eit folkehøgskulesenter til minne om 70 års folkehøgskuledrift på garden. Hundorp Dale-Gudbrands gard vart vald til tusenårsstad for Oppland fylke. Staden ligg der i dag som et bindeledd mellom historia og framtida, med eit variert tilbud for besøkjande. | Les meir...
| Rudi Gard |  | Rudi Gard tilbyr konsertar, revy, teater, utstillingar og servering. Garden ligg i eit velpleia kulturlandskap med mange kulturminne, og dette er ei attraktiv ramme for eit stort publikum til Rudi Gard. Rudi Gard er kjend for store kulturarrangement. Servering er ein viktig del av verksemda på garden, med god mat for smågrupper og full middag til inntil 500 personar. Kvar sommar er det salsutstillinger med anerkjente kunstnarar. Firma og grupper leiger ofte Rudi Gard til eigne arrangement. På setra ved Gålå er 20 senger fordelt på fire hus som blir leigd ut til sjølvhushald. Garden er nemnd første gong skriftleg i eit diplom frå 1319, og slekta har vore på garden så lenge ein veit. Øystein Rudi er gardbrukar og spellmann. Han har motteke fire Spellemannsprisar, og er aktiv med ei rekkje oppdrag innanlands og i utlandet. Rudi Gard mottok i 2003 SND Opplands bygdeutviklingspris for nyskaping og Sør-Fron kommunes kulturpris, og i 2004 Kulturprisen for Gudbrandsdalen og den nasjonale bygdeturismeprisen i regi av Innovasjon Norge. | Les meir...
| Solbråsetra |  | Gudbrandsdalsosten er selve klassikeren på det norske frokostbordet. Denne osten har ei historie som går tilbake til sommeren 1863. Da gjorde den unge seterbudeia Anne Hov noe som etter datidens skikk ble sett på som ren sløsing - hun helte fløte i mysa! Den gang gikk all fløte til smørproduksjon, mens osten var mager, uten de rike smaksstoffene som fins i melkefettet. Anne hadde fått servert ekte, raud geitost hos en annen budeie. Selv om dette også var en mager ost, hadde den en kraftig smak fra geitmelka som Anne likte godt. Hun syntes det var leit at hun ikke kunne ha en like god ost når det ble hennes tur til å ha budeielag. Etter rådslagning med sin far dristet Anne seg til å blande fløte i mysa. Dette ga osten en mye fyldigere smak, og den høstet ros fra budeiene som lå på de andre setrene rundt Gålåvatnet. Dette ble starten på en viktig omlegging i norsk landbruk. Smørproduksjonen ble i stor grad erstattet med bedre betalt feitostproduksjon, og denne nye foredlingen av melka ga bøndene bedre økonomi. Setertradisjonene lever den dag i dag videre på Solbråsetra, og her kan besøkende oppleve historia på nært hold. Dersom du tar turen til setra på Gålå en sommerdag, kan du fremdeles møte budeia og få smake på nykokt Gudbrandsdalsost. | Les meir...
| Sygard Grytting |  | Langs E6 i Gudbrandsdalen reiser vi gjennom bygdelag som har lange tradisjonar i å ta imot reisande. Går vi sju hundre år tilbake i tid, var det vanleg å treffe pilegrimar i dette dalføret, på veg til Heilag Olavs grav i Nidaros. Det fanst overnattingsstader for kvar heile og halve dagsetappe langs den gamle oldtidsvegen mellom Oslo og Trondheim. Mange tok inn på Sygard Grytting og fekk overnatte i "svevnstova", som er omtala i eit skinnbrev frå 1343. "Svevnstova" skal ha hatt tre etasjar og rundt 20 sengeplassar. Denne stova hadde ingen vindauge, berre korsforma gluggar som sleppte inn litt lys. Her kan ein ennå overnatte og eta på tilnærma mellomaldervis i den same "svevnstova". Gjester kan også finne kvile i andre originale våningshus frå perioden 1680-1860, som i eit eksklusivt historisk "hotell". Her får overnattingsgjester heimelaga mat. Her kan du også arrangere lukka representasjonar, møte, kurs og selskap. Gjennom eit omfattande restaureringsarbeid er Sygard Grytting i dag eit uvanleg godt eksempel på korleis ein unik bygningsarv kan kombinerast med moderne krav til komfort. Garden er kjent bl.a. frå Toppen Bechs fjernsynsserie "Herskapelig" og bøker om historiske losjistader. Garden er i full drift, og dagens vertskap er minst 16. generasjon av eigarar i slekta. | Les meir...
| Sør-Fron Kyrkje |  | Sør-Fron kyrkje er ei stor åttekanta steinkyrkje frå 1700-talet, og blir også kalla Gudbrandsdalsdomen. Kyrkja har sitteplassar til over 700 personar. Byggmester var Svend Aspaas, som også bygde Røros-kyrkja. Sør-Fron kyrkje er også eit attraktivt konsertlokale. Nytt orgel vart installert i kyrkja på 1990-talet.
| Les meir...
|
|
|
|
|