Tinn

Tinn kommune (6026 innb. pr.1.4.09) ligg nordaust i Telemark, og strekkjer seg langt inn på Hardangervidda. Gaustatoppen (1883 moh) er eit kjent landemerke i Tinn, som i klarversdagar har utsikt til 1⁄6 av Norge. Kommuneadministrasjonen held til i Rjukan. Krossobanen er Nord–Europas første kabelbane. Den vart bygd i 1928 som ei gave frå Norsk Hydro.

Industri og jordbruk har vært viktige næringsgreiner i Tinn. Kommunen har nå reiseliv som sentral del av den kommunale handlingsplanen. Estetikk, kultur og identitet inngår også som sentrale element i strategien for kommunen.

Rjukanfossen ga grunnlaget for Vemork (1911), og var da den største kraftstasjon i verda. Stasjonen er nå museum, som viser det fantastiske energieventyret og utstillingar av industriutviklinga i Norge og på Rjukan. Museet er kanskje mest kjent for sin presentasjon av krigshistoria i Rjukan. Vemork var åstadent for ein av dei viktigaste sabotasjeaksjonane under 2. verdenskrig, da norske sabotørar hindra tyskarane i å utvikle atomvåpen av tungtvatnet som vart produsert her.


Norsk Industriarbeidermuseum

Norsk Industriarbeidermuseum ligger i Gamle Vemork kraftstasjon, som stod ferdig i 1911. Rjukan var ett av de første industrisamfunn i landet, og museet gir innsyn i hvilken forandring Norsk Hydros industriutbygging førte med seg for et lite jordbrukssamfunn. I hydrogenfabrikken på Vemork ble det produsert tungtvann, et svært viktig stoff i utviklingen av atombomben. Museet har egen utstilling og dokumentarfilm om tungtvannssabotasjene under 2. verdenskrig, som skulle hindre Hitler-Tyskland å utvikle en slik bombe.
Les meir...

Tinn Museum

Foreninga Rjukan og Tinn Museum blei stifta i 1922, og museet blei offisielt opna i 1933. I 1946 overtok Tinn kommune museet. Frå 2004 er Tinn Museum ein del av den nye museumseininga for Aust-Telemark som er leia av Norsk Industriarbeidermuseum. I sommarsesongen viser vi to utstillingar: "Tinn før industrien kom", som inneheld museets samling av litografiar, foto og måleri frå 1800-talet, og "Gjennom linsa til lokalfotografen", som er ei samling foto frå bygdene i Tinn frå 1903 til 1910. Vi stiller også ut museets samling av gamle myntar.
Les meir...