Vinje

Vinje kommune (3 660 innb.) i Telemark strekkjer seg langt inn i Hardangervidda nasjonalpark. Vinje er den nest største kommunen i Sør–Noreg med 2 740 kvadratkilometer, og er den einaste som grensar mot fire fylke. Kommunesenteret er Åmot.

Rauland og Haukelifjell er kjende vintersportsstader i Vinje. Kommunen omfattar gamle jordbruksbygder, der geitebukken er å finne i kommunevåpenet. Vinje har i mange år hatt gode kraftinntekter frå Tokke–utbyggingane på 60– og 70–talet. Attføringssenteret i Rauland er den største private arbeidsgjevaren. Boreriggprodusenten Qmatec Drilling (tidl. Nemek) er ei viktig bedrift.

Kommunen har ein stor eigedom i nasjonalparken, Berunuten Vest, med seks hytter til bruk for alle som fer forbi. Eigedommen vart kjøpt frå brukseigar Treschow i Larvik i 1979.

Vinje er ei kjend kulturbygd, som har vore heimstad for ei lang rekkje kunstnarar og kulturpersonar, som f.eks. Aasmund Olavsson Vinje og Tarjei Vesaas. Brørne Åsmund og Odd Nordstoga er kjende kulturpersonar i dagens musikkbilde.

Olavsrosestaden Mjonøy ligg i Vinje.



Mjonøy - møtestad for bygde- og ferdafolk, tradisjon og kultur

På 1960-talet samla Alv Negarden frå Smørklepp i Vinje gamle tømmerhus frå gardar i distriktet. Nokre av husa kan daterast heilt attende til mellomalderen. Husa står i ein særeigen atmosfære av solbrune tømmerstokkar, granskog og elvesus. Staden er ein populær samlingsplass for bygdefolk, og er eit spennande reisemål om sommaren. 13 av hyttene er innreidde for overnatting. Av desse er 4 høgstandardhytter. Mjonøy har servicebygg med sanitæranlegg, eldhus med utsal av mat av råvarer frå eigen gard, eit bakeri med vedfyrt steinovn, og eit eige handverksutsal med produkt laga av lokale handverkarar. Gardsmatbutikk er opna i 2004. Mjonøy har godkjenning som pilegrimsherberge. Heile sommarhalvåret er Vinjeutstillinga open. Dette er ei salsutstilling med biletkunst, skulptur og kunsthandverk. Ved elva som renn forbi, står det ein fullskala og fullt verksam kopi av vadmåls-stampene som var vanleg på bygdene før i tida. Mjonøy kan arrangere møte og selskap for opp til 60 personar. I sommarsesongen er det konsertar, kurs og andre kulturaktivitetar på Mjonøy. Frå Mjonøy kan du gå fine fotturar, mellom anna inn Smørkleppdalen, der du finn Vinje Biletgalleri. Den permanente biletutstillinga der omfattar måleri av Henrik Sørensen og Harald Kihle. Denne turen er inne på kartet over tilrådde bilvandringar i Telemark. Høgstandardhytter på Vesås, Jordi og Plassen.
Les meir...