Kvinnherad

Kvinnherad kommune (13 100 innb.) ligg ytst i Hardangerfjorden i Hordaland fylke. Jordbruk og husdyrhald er viktig for kommunen. Sørnorsk Aluminium på Husnes er ein stor arbeidsplass. Baroniet i Rosendal er eit kjent turistmål i kommunen. Guddalstunet har Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa. Folgefonntunnelen mellom Mauranger og Odda er ein av dei lengste i Noreg.

Guddalstunet

Først på 1800-talet fekk norske fjell og fjordar på Vestlandet besøk av både vitskapsmenn, kunstnarar og rike dagdrivarar på oppdagingsferder i eit ukjent landskap. Inspirert av sine opplevingar skapte desse turistpionerane romantiske kunstverk og storslåtte reiseskildringar. Dette utløyste stor reiselyst hos mange utlendingar som forventa å finna vill og vakker natur, og eit fargerikt og harmonisk folkeferd. Dei første turistane til Vestlandet måtte klara seg med enkle overnattingskår, men bygdefolket oppdaga raskt dei inntektene som kunne liggja i å tilby overnatting og skysstenester. Driftige vestlendingar lærde fort å behandle kundane sine med respekt og omtanke, og mange av overnattingsstadene fekk ry for godt stell. Opplevinga av natur og kultur kombinert med den omsorga verten hadde for sine gjester gir også dagens reisande ei spesiell oppleving. Guddalstunet i Rosendal representerer ein slik unik kombinasjon, der eit dyktig vertskap tilbyr losji på historisk grunn. Garden ligg vakkert til i eit gammalt kulturlandskap med røter tilbake til tidleg bronsealder. Her har familien Guddal skapt eit "paradis på jord" for seg og sine - og for dei som legg vegen innom for å oppleva heimen og arbeidsplassen deira. Unn deg eit opphald her - frokostkorga til Kirsten er berømt!
Les meir...

Baroniet Rosendal

Den danske adelsmannen Ludvig Rosenkrantz og Norges rikeste arving Karen Mowat sitt slott stod ferdig bygget i 1665 og opphøyet til baroni i 1678. Baroniet Rosendal omfatter slott og renessansehave fra 1665, romantisk park og kjøkken- og urtehage fra 1850-årene, husmannsplassen Treo samt Rosendal Avlsgård & Fruehus hvor museet tilbyr overnatting, frokost og middag. Stedet tilbyr omvisning på Slottet, utstilling i Vinkjelleren, konsert og foredrag i Den Røde Sal, teater i Borggården og hjemmelaget bakverk i Thee & caffe-salongen i Havestuen.
Les meir...

Galleri G Guddal

Starta i 1993. Skiftande utstillingar av det beste innan norsk samtidskunst. Eiga avdeling med biletkunst, keramikk, glas, smykke, tekstil og kunstbøker av ca. 70 forskjellige norske kunstnarar. Denne blir oppdatert med det siste frå kvar kunstnar. Nupen, Opdahl, Nortvedt, Bleken, Widerberg, Øyen, Folmoe, Thorhallsdottir, Finborud, Harr, Rumohr, Kalvig, Henriksen, Kielland osv. Også lokale kunstnarar. Kaffibar. Cappuccino, nykverna kaffi, ostekake, nysteikte mjølkekaker m.m. Skjenkeløyve. Uteservering med utsikt over Hardangerfjorden.
Les meir...

Halsnøy kloster

Klostertunet på Halsnøy er ruiner etter augustinerklosteret som ble grunnlagt av Erling Skakke i 1164. Dette var en av de største godseiendommene på Vestlandet i senmiddelalderen. Etter reformasjonen var Halsnøy lens- og fogderigård. I 1814 satt Gjest Baardsen i arrest her. Hovedbygningen ble satt opp i 1841, og er bygd i stein fra kirkeruinen. På samme tid ble det anlagt hage. I dag kan du få omvisning på klosteret, og det blir arrangert konserter, utstillinger og temakvelder her.
Les meir...

Kvinnherad kyrkje

Kvinnherad kyrkje er ei steinkirke fra ca 1250, som er bygd i en blanding av romansk og gotisk stil. Kirka, som er uten tårn, har flotte klebersteinsdetaljer i portaler og vinduer, men lite av interiøret fra katolsk tid er igjen i dag. Kirkeklokkene er fra 1300- og 1400-tallet. Baroniet i Rosendal var eier av kirka fra 1678 fram til 1910, og den har et privat gravkammer for familien Rosenkrantz, som var den første familien på Baroniet.
Les meir...

Olaløo

Olaløo ble bygd av Ole Bårdson Bondhus i 1821. Dette er ei grindløe, der høytufta i dag er blitt til "storstova" og fjøset er blitt til "vetlastova". Mye av de opprinnelige murene og konstruksjonene er bevart og fremdeles synlige. I stovene serveres tradisjonsrik mat med tilknytning til gården, sammen med gode historier fra området. Vertskapet legger vekt på opplevelser i tillegg til måltidet, og et besøk i Olaløo kan godt kombineres med en tur i kulturlandskapet rundt gården. Selskapslokalene i Olaløo har plass til 100 personer.
Les meir...

Skipsbyggingsmuseet Skaalurensamlinga

Skipsbyggingsmuseet Skaalurensamlinga finn du i eit gammalt sjøhus frå rundt 1890, som ligg på kaia i Rosendal. Sjøhuset rommar ei unik samling av verktøy og anna utstyr for bygging av større trefartøy, såkalla halvmodellar av fartøyskrog, byggjeteikningar og fotografi av ulike båttypar. I tillegg til alle godbitane for fartøyinteresserte finn du også ei mindre samling frå den gamle handelsbua på staden.
Les meir...