JondalJondal kommune (1 000 innb.) ligg på sørsida av Hardangerfjorden i Hordaland fylke, med Folgefonna som nærmaste nabo. Folgefonna, som byr på skiløping året rundt, er den sørlegaste isbreen i Norge. Jondal har status som nasjonalparklandsby. Herand bygdelag fekk Norsk Kulturarvs kulturlandskapspris i 2008. Stålindustrien er viktig i kommunen, i tillegg til akvakultur, som har vorte ein viktig næringsveg dei siste åra. Elles har Jondal bl.a. jordbruk og mindre industribedrifter.
|
|
Herand kulturhistoriske senter |  | Utstillinga "Ei reise gjennom 9000 år" er laga av Arkikon på oppdrag frå Herand bygdelag. Utstillinga tek for seg kulturlandskapet i Herand frå siste istid og fram til førre hundreår. I Herand sitt autentiske kulturlandskap er det spor etter alle periodar, frå 9000 år gammal busetting i hellerane, unike helleristingar frå bronsealder, samt nausttuft og gravfunn frå jernalder. Kulturminna kan du du oppleva i gåavstand frå museet, t.d. helleristingane og Sævarehellaren med funn frå 9000 år sidan. | Les meir...
| Kulturstien i Herand |  | Kulturstien er ei vandring i eit unikt landskap. På rundturen kan du oppleva geologiske fenomen du knapt finn maken til. Funn viser at her har det gått folk i fleire tusen år, og kulturlandskapet fortel korleis folk i generasjonar har nytta naturen for å overleva. På turen vil du også finna ein unik vegetasjon med edellauvskog og ville orkidear. Fint å kombinera med ein tur på Herand kulturhistoriske senter der dei presenterer noko av det du finn langs stien - som styvingstre og Sævarehellaren. | Les meir...
| Oppgangssaga i Herand |  | Vatn og fjord har lagt til rette for næringsdrift i Herand i lang tid. Båtbygginga har vore ei viktig næring, og den var med på å gje grunnlag for fleire sagbruk i bygda.Tveiti Oppgangssag er truleg den saga i Noreg som var lengst i kommersiell drift - like til i slutten av 1970-åra. I 1996 vart saga restaurert og freda. I dag er den driven av stiftinga Herand Aktiesagbruk A/S, og sel framleis tømmer, m.a. til restaurering av Bryggen i Bergen. | Les meir...
| Viketunet |  | Flott gardstun frå 1600-1700 talet, Gammal lensmannsgard med sju hus, det eldste frå ca. 1611. Inventaret i hovudhuset gjev inntrykk av at det framleis bur folk her. Stølsutstilling i ei av løene som viser gjenstandar og fotografi frå den gong det framleis var stølar i drift i kommunen. Omvising for grupper etter avtale med turistkontoret. Sal av kaffi og vaflar. | Les meir...
|
|
|
|
|