Ullensvang herad

Ullensvang herad (3 350 innb.) ligg på båe sider av Sørfjorden i Hardanger i Hordaland fylke, og er innfallsport til to nasjonalparkar: Hardangervidda og Folgefonna. Heradet er Noregs største fruktkommune, om lag 80 % av alle norske morellar kjem frå Ullensvang. Agatunet, som har kvalitetsmerket Olavsrosa, er det eldste eksisterande klyngetunet i landet, med bygningar heilt frå 1300–talet. Ullensvang er vertskommune for den årlege Hardanger Musikkfest, som samlar framifrå musikarar  frå både Noreg og utlandet. 

Agatunet

Det intime og trivelege Agatunet er eitt av svært få attverande klyngetun i Noreg. Klyngetuna var den norske varianten av den mellom-europeiske landsbyen; alle husa var samla i ei klynge, medan den fruktbare jorda og skogen omkring var inndelt i små teigar. Kvar bonde hadde eigedomsretten til fleire teigar, og dei låg spreidde rundt i området. Eit gjennomtenkt system sørgde for ei rettferdig fordeling av gode og dårlege teigar. Da folketalet voks kraftig på 1800-talet, vart teigar som alt var små, inndelte i enda mindre teigar for å dekkja behovet til nye generasjonar. Denne delinga gjekk til slutt så langt at to bønder kunne eige kvar sin del av eitt epletre! For å få ei meir formålstenleg drift vart systemet med teigblanding oppheva, og eigedomane fekk ei praktisk inndeling gjennom offentleg jordskifte. Snart var også klyngetuna borte ved at husa vart flytta ut på dei "nye" eigedomane. I dag er dei 30 husa som står att på Agatunet freda. Blant dei finn vi den unike Lagmannsstova frå 1250, det einaste bevarte "byhus" av sitt slag i landet. I det gjestfrie tunet finn gjestene kunstutstillingar, brukskunstutsal og ei unik draktsamling. Om sommaren er kafĂ©en open, og kunnskapsrike omvisarar tek deg med på vandring. I sommarsesongen er det konsertar o.l. her.
Les meir...

Hardanger folkemuseum

Hardanger folkemuseum er distriktsmuseum for kommunane i Hardanger. Museet har skiftande utstillingar med kunst- og kulturhistorisk innhald heile året. Faste utstillingar er "Brudeferden i Hardanger", " Folkedrakt", "Hardingar på sjøen", "Fruktdyrking", "Folkemusikk" m.fl. I friluftsmuseet er det gjenskapt eit tradisjonelt klyngetun, der det eldste huset er ei årestove frå middelalderen. I nausta ved sjøen er det fleire tradisjonelle hardangerbåtar. Til museet høyrer elles krambu, husmannsplass, treskiferfabrikk og feleverkstad i full drift.
Les meir...

Hotel Ullensvang

Hotel Ullensvang ligg i den fredelege bygda Lofthus i Hardanger, som har inspirert mange forfattarar, målarar og komponistar gjennom åra. Komponisten Edvard Grieg var stamgjest på Hotel Ullensvang i mange år. Den vesle komponisthytta hans står framleis i hotellet sin hage. Frå 1846 har Hotel Ullensvang utvikla seg i takt med tida. Den dag i dag er hotellet eigd og drive av familien Utne. Trass i moderne fasilitetar, held familien på den personlege omtanken for gjestene og på tradisjonar som berre eit privateigd hotell maktar å ivareta. Medlem i De Historiske.
Les meir...

Utne Hotel

Den første gjestgjevarbygningen i Hardanger, som berre hadde eitt einsleg soverom, stod ferdig alt i 1722, og Utne er med dette eit av dei eldste hotella i landet med samanhengjande drift i same bygning. Mykje av interiør, utsmykking og bruksting er teke var på her. Ingen av dei 15 gjesteromma i hovedbygningen er like, og opphaldsromma har interiør med ulike stilartar. I den flotte matsalen er heile den eine veggen bygd opp rundt eit flott framskap frå 1700-talet. Hotellet sto ferdig totalrenovert 1. mars 2006.
Les meir...