Granvin herad

Granvin herad (1 000 innb.) ligg inst i Hardangerfjorden i Hordaland fylke. Fruktdyrking og jordbruk elles er viktige næringar, i tillegg til reiseliv.

Jaunsen Gjestgjevarstad

Graven Sogn's Gjestgjevarstad i Granvin sentrum er ein gamal gjestgjevarstad og kramsete. Den fyrste gjestgjevaren me kjenner til var Mads Rasmusson frå Bergen som hadde hadde gjestgjevarløyve frå 1666. I 1859 dukkar namnet Jaunsen opp gjennom Andreas som tok over drifta. Den verneverdige gjestgjevarstaden vart restaurert i 1994 og består av Bondestova(1726),Tingstova(1674)og Jaunsenhuset(1759). Møblar og inventar har fylgt husa gjennom generasjonar. Jaunsen er familiedrive, og det vert lagt vekt på personleg service og heimelaga, lokale rettar.
Les meir...