BremangerBremanger kommune (3 900 innb.) ligg vest i Sogn og Fjordane, med fiske og industri (eks. Elkem Bremanger i Svelgen) som viktige næringsgreiner. Kommunen har mange eksempel på levande kystkultur. Nord–Europas høgste sjøklippe, Hornelen, ligg i kommunen. |
|
Gravrøysene i Botnane |  | På gardane Sørbotten, Øvrebotten og Nordbotten i Botnane ligg åtte gravrøyser, fleire lett synlege frå både vegen og skipsleia. Gravene er sannsynlegvis frå eldre bronsealder - kring 1800 - 1000 f. Kr. Desse kystrøysene er mellom dei fremste kulturminna frå bronsealderen som er bevart i Noreg, i god stand etter meir enn tre tusen år. Den største har eit tverrmål på 36 meter, den minste er på 14 meter. Når så mykje arbeidskraft kunne brukast på å bygge gravmæle over få utvalde personar, tyder det på at samfunnet var stramt hierarkisk ordna. | Les meir...
| Knutholmen |  | Likar du god atmosfære, god mat og ramsalt kystkultur? Då er Knutholmen og fiskeværet Kalvåg ein stad du vil trivast. Vi er ikkje hotell, men i gangavstand rundt den vesle vågen finn du rorbuene, restauranten med dansegolv, hotellromma og kurslokala. Vi har mat frå havet som vår spesialitet. Ferske råvarer er viktig for eit godt resultat, vi ligg så å seie midt i spiskammerset med fiskefelta berre eit steinkast utanfor. Ta med deg familie, gode venner, kollegaer eller kundar til fiske og opplevingsparadiset Kalvåg. | Les meir...
| Kystfortet på Tongane |  | Hausten 1940 starta den tyske marinen bygging av eit kystfort på vestspissen av Rugsundøy. Kanonane på kystfortet skulle nå mål på Vågsfjorden, og sperre innseglinga til Måløy og Nordfjord. Fleire av brakkene i området fekk sentralfyring, innlagt vatn og elektrisk lys frå straumaggregat. Etter kapitulasjonen gjekk batteriet inn i det norske kystartilleriet under namnet Rugsundøy Fort. Rundt 1950 vart fortet endeleg nedlagt. Ein av kanonane vart ståande att saman med mannskapsmessa som i åra etter krigen har vore brukt til forsamlingslokale. | Les meir...
| Rugsund handelsstad |  | På Rugsundøya finn du den freda handelsstaden Rugsund (frå 1600-talet). Med 6 historiske bygningar ligg den lunt og idyllisk til ved skipsleia. Her er landhandel i gammal stil, gjestebrygge og servicebygg. Rugsund er ei populær hamn for båtturistar - tilrettelagt med servicetilbod - barnevennleg. Ein god "base" for tur til Hornelen, Ålfotbreen eller andre turar i området. Populære dykkemål. Luftfylling. Her er også grillplass og merka tursti til toppen av Rugsundøya. Overnatting i rorbuer, husvære eller rom, båtutleige og utleige av festlokale. | Les meir...
| Vingen helleristningsfelt |  | Vingenfeltet er det nest største helleristningsfeltet i Noreg med vel 2000 figurar. Feltet vart oppdaga då Kristian Bing i 1910 fekk høyre frå Abraham Honnskår om "nogen dyr aftegnet i et berg". I 1912 fekk Bing publisert funna sine, og dermed var Vingen opna for arkeologien. Vingen ligg veglaust og einbølt til. I 1980 vart Vingen Landskapsvernområde oppretta. Ulike sikringstiltak har blitt sett i verk for å verne helleristningane mot natur- og menneskapt påverknad. Frå 1996 er området integrert i Riksantivarens nasjonale bergkunstprosjekt. | Les meir...
|
|
|
|
|