Hjem / Kulturminne / Fotland

Fotland

Del

Fotland Mølle (1845) og Fotland kraftstasjon (1915) er eit rikt kulturmiljø som viser at dette vassdraget i uminnelege tider har vore knytta til kvern- og mølledrift, og seinare til produksjon av elektrisk kraft. Laksetrapp i fossen frå 1880-åra. Fast utstilling: "Korn gav liv" - om kornet si historie. Video frå mølledrifta på 1960-tallet. Vekslande kunstutstillingar gjennom sesongen. Kvalitetsbrukskunst i Torvhuset. Tursti. Den intakte kraftstasjonen er Vasskraftmuseum for Jæren. Utstilling av bilete og gjenstandar frå anleggsperioden.

Kart