Hjem / Kulturminne / Galleri Hagalid

Galleri Hagalid

Del

Galleri Hagalid i tunet på Hagalid gard høgt over Jøsenfjorden i Hjelmeland, Ryfylke tilbyd utsikt med innsikt! Kultur-tilbod finst i Sofiehuset, Eldhuset og den vakre hagen rundt. Her er kafè og salsutstillingar med moderne norsk kunst, mest frå vestlandet tre periodar i året: vår, sommar og haust. Den sjølvbetente kafeen har alltid kaffi, te, lokal eplemost og vaflar under opningsdagane. Kvar opningshelg er det kraftige suppegryter med heimebaka brød. Skjenkerett.
Den store Sommarutstillinga 2017 varer frå 17. juni til 27. august med kunst og kunsthandverk frå profesjonelle norske utøvarar som Geir Nymark, Grethe By Rise, Kristian Finborud, Tone Flesche, Ivar Haugen, Hilde Thomsen m.fl. Rikeleg med artig keramikk og glas, frå m.a. Øyvind Tingleff, Eva Sæverud og Stine Hoff. Tekstil, vesker og smykke kjem frå m.a. Artwearbygro, Aud Lavik, Kaja Gjedebo, Kvist og Kvae, Kristin Selboskar. Opningstider: sjå hagalid.net

Galleri Hagalid har også arrangement med kunsthandverkarar og forfattarar.
Servering for grupper i det pietetsfullt istandsette Sofiehuset, med plass til 35-40 personar i to stover. Dei intime lokala passar for kurs, møte og sosiale samkome. 

Vert og gallerist Hanne Sundbø orienterer gjestene i opningstida om historia bak galleriet, istandsetting og restaureringsarbeida for Sofiehuset samt om salsutstillingane.

Sofiehuset var opphaveleg våningshus, bygd ca. 1835, så folgehus (kårhus) frå slutten av 1800-talet. Huset vart flytta litt ut av tunet i 2013, påbygd og utvendig restaurert. Det imponerande villskifertaket vekkjer oppsikt. Ny del er fint samanføydd med opphavleg del i to etasjar, og gir eit særprega miljø for utstilling av moderne bilde, klede, smykke, vesker, keramikk og glas. Hagen og utsikta både over Hagalidvatnet og Ryfylkefjordane tek pusten frå mange. Innvendig er mest muleg av originale sandskurte og såpevaska vegger og tak tatt vare på samstundes med at moderne fasilitetar er skånsomt tilføyd.

Eldhuset frå ca. 1870 vart sett opp att med gamle laftestokkar og ein del nytt på 1990-talet. Her er spor etter mangfaldige aktivitetar som huset vart brukt til fram til etter krigen. I Eldhuset er det alltid rikeleg med norsk kunsthandverk som blåst glas og keramikk utstilt og til sals.

Vertskapet Hanne Sundbø og Jone Hagalid kan fortelje utrulege historier frå garden Hagalid, som først fekk veg og straum i 1960, og tilbyd guida rusleturar "Titt eg minnast ein gamal gard" i det vakre historiske kulturlandskapet mellom gravhauger og rester av tidleg busetting, taubaneplass, kvednhus, steinfjøs og Eldhus med slakteplass.

Hagalidvegen, med åtte hårnålssvingar frrå Hjelmelandsvågen 5 km opp til tunet, er en del av opplevinga. Bussar opp til 8 m kjem opp.
Hagalid er utgangspunktet for fotturen til Skomakrnibbå over Jøsenfjorden, ei av turperlene i Ryfylke og Rogaland. Ei segn om ein skomakar som skulle straffast, er knytt til den luftige fjellformasjonen (ca 5 timar t/r, høgdeforskejll 450 m, sesong mai - oktober). Det kan passa godt med måltid i Galleri Hagalid etter fotturen.
Ein kort fottur som raskt gjev deg ein storslått utsikt, går sørvestover frå p-plass opp til Varden (høgdeforskjell ca 50 m, 15 minutt å gå i fuktig skogsmark). Plassen er vist i NAF sin bok (2017) Norges beste utsikter.

Å koma hit frå sør: Ferje Stavanger-Tau, følg Nasjonal turistveg Ryfylke Rv.13 til Hjelmeland sentrum. Ta av i rundkøyringa mot sentrum og Vormedalen, ta opp til venstre mot Hagalid, 5 km smal, asfaltert veg til p-plass før gardstunet. Godt skilta.

Frå nord: Rv. 13 fra Røldal til Nesvik ferjeleie. Ferje til Hjelmeland. Ta av til venstre i rundkøyringa mot Hjelmeland sentrum, vidare som over.

 

Kart