Hjem / Kulturminne / Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husfliden

Hotell Bondeheimen, Kaffistova og Heimen Husfliden

Del

Hotell Bondeheimen i Oslo er saman med mellom andre Kaffistova og Heimen Husfliden, eit dotterselskap av Bøndenes Hus.
Hotell Bondeheimen og Kaffistova, slik dei nå ligg i Rosenkrantz’ gate 8, blei grunnlagt i 1913. Alle desse åra har Hotell Bondeheimen vore overnattingsstad for folk frå distrikta.
Også kunstnarar som Sigrid Undset og Knut Hamsun, avisfolk frå Akersgata og skodespelarar frå teatra i området har hatt Bondeheimen i Oslo som eit naturleg val.

KAFFISTOVA
Den første Kaffistova opna i 1901 og er med det ein av hovudstadens mest tradisjonsrike serveringsstader. Kaffistova serverer norsk tradisjonsmat i solide porsjonar fram til kl. 21 kvar dag (kl. 19 laurdag og sundag) og er dessutan frukostrestaurant for Hotell Bondeheimen. Kaffistova er eigd av Bøndenes Hus.

HEIMEN HUSFLIDEN AVD. ROSENKRANTZ' GATE 8
Heimen Husfliden er ei handverks- og handelsbedrift grunnlagt i 1912. Heimen har produksjonsavdeling og to butikkar midt i Oslo sentrum. Du får spesialsydd bunad av høgaste kvalitet ved kjøp av bunad hos Heimen. Heimen Husfliden er eigd av Bøndenes Hus.

HEIMEN HUSFLIDEN AVD. GLASMAGASINET
Den Norske Husfliden blei grunnlagt i 1892 og kom med i Bøndenes Hus-konsernet i 2007.Heimen Husfliden-butikken på Glasmagasinet har eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar, i tillegg til ei flott bunadsavdeling og eit breitt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar innan norsk og nordisk handverk og design.

BONDEUNGDOMSLAGET (BUL)
BUL er ein frivillig organisasjon, grunnlagt i 1899, som tilbyr aktivitetar som folkedans, musikk, teater og idrett for folk i alle aldrar. Aktivitetane til BUL er tufta på norsk folkekultur, bruk av nynorsk og dialektar og tilbod om eit rusfritt miljø. BUL eig Bøndenes Hus AS 100%

 

Kart 

Innehaver av Olavsrosa