Hjem / Kulturminne / Ingebrigt Vik museum

Ingebrigt Vik museum

Del

Ingebrigt Vik Museum inneheld mest alle arbeida etter bilethoggaren Ingebrigt Vik (1867-1927). Vik er rekna som ein av dei store bilethoggarane innan norsk bilethoggarkunst, ei følsam gjennomarbeida form er i særlig grad styrken i hans kunst. Han vaks opp i Øystese og starta som treskjerar i møbelverkstaden til faren, og han tok si utdanning som kunstnar i København og Paris. Samlinga til museet er utstilt i ein intim, åttekanta bygning i sentrum av Øystese. Nokre av dei beste arbeida hans er utstilt i Nasjonalgalleriet.

Kart