Hjem / Kulturminne / Kvennberget - møllesteinproduksjon

Kvennberget - møllesteinproduksjon

Del

I det freda kvernberget finst delvis uthogne kvernsteinar, tuppfyllingar og kasserte steinar som vitnar om aktiv næringsdrift og lang historie. Kvernberget har dokumentert drift frå 1400-talet, men det er grunn til å tru at det alt i vikingtida vart brote kvernsteinar i området. Før skadeflommen "Storofsen" i 1789 vart kvernsteindrifta i åsen rett overfor plassen der restane er synlege i dag. Granatglimmerskiferen i berggrunnen ga kvernsteinar av god kvalitet. Kvernsteinane gjekk også til eksport, til Danmark, Nederland og andre land i Europa.

Kart