Home / Kulturminne / Kvipt

Kvipt

Del

Kvipt er ein gammal heigard. Her lever gammal tradisjon og kultur, omgitt av vakker natur. Dei eldste bygningane er frå 1600-talet, men busettinga går nok mykje lenger tilbake. Husa er restaurert i tradisjonell Vest-Telemarkstil, tilpassa dagens krav. Her kan du overnatte i det gamle loftet frå 1700-talet, ei ny laftehytte eller ei stor og romsleg reisverkhytte. "Røykjestoga" frå 1600-talet er nyrestaurert, og her er det i dag gardsmuseum og gjestestoge med servering av tradisjonsmat. Røykjestoga passar også godt til festleg samvære og bryllaup. «Tussestoga» er eit nytt, lafta bur etter middelaldermodell. Her er keramikkverkstad med rosemåling, handverkutsalg, tussar og nissar. På Kvipt er det flott turterreng både sommar og vinter, og du kan få følgje av guide om du ønskjer. Det er gratis fiske for gjester i Kvipttjønn, utleige av båtar og kanoar, og salg av jaktkort. Det nye høgstandard feriehuset Kvipteplass nær Birtevatn og Midttjønn har 3 soverom med 8 senger, godt utstyrt kjøkken m. oppvaskmaskin, toalett, bad og boblebad med varmekablar, parabol-TV, bilveg heilt fram og garasje. Solrik uteplass med plen og skigard. Fint for tur og fiske, med tilgang til båt med påhengsmotor. Kvipteplass passar godt for sjølvhushald, men du kan også få f. eks. middagsmat tilkøyrt frå Kvipt.

Kart 

Innehaver av Olavsrosa