Hjem / Kulturminne / Norsk Trikotasjemuseum

Norsk Trikotasjemuseum

Del

På Norsk Trikotasjemuseum får du vera med på ei omvising i den gamle fabrikken. Du kjenner lukta som heng igjen i veggane etter hardt arbeid og lang produksjon, og du får sjå det gamle karderiet, spoleloftet, strikkeloftet og syloftet og oppleva dei gamle maskinane i sving. Du får også sjå filmen om Salhus der tidlegare arbeidare fortel om korleis det var å jobba på fabrikken. Salhus Tricotagefabrik blei etablert i 1859, og i 2001 opna Norsk Trikotasjemuseum i lokala til den gamle fabrikken. Trikotasje betyr strikka tekstil, og fabrikken produserte plagg i bomull og ull fram til fabrikken stengde i 1989. Kanskje kjenner du varemerket Krone, kvalitetsmerket på undertøyet som kjem herifrå? Fast heile året: Barnas produksjonsverkstad annankvar søndag (partalsveker) kl.11-15.30. Me har også skiftande utstillingar, museumsbutikk og ein enkel kafé med varme smårettar om sommaren og på søndagar. Utleige av lokale, og omvising for grupper også utanom opningstid. Pedagogiske opplegg for barnehagar og skular. Museumssenteret i Hordaland består av Norsk Trikotasjemuseum, Bevaringstenestene, Osterøy museum, Lyngheisenteret, Havråtunet og Felleskonservator og Kulturverntenesta i Nordhordland.

Kart 

Innehaver av Olavsrosa