Hjem / Kulturminne / Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden

Del

Oselvarverkstaden vart skipa i 1997 for å ta vare på den svært detaljerte kunnskapen som knyter seg til bygging av oselvarar. Oselvaren er tradisjonsbåten som i tusen år har vore bygd i Os, og som har vore den dominerande båten mellom fiskarane på Hordalands-kysten. Verkstaden byggjer oselvarar på gamlemåten, og unge båtbyggjarar lærer tradisjonen av eldre, slik kunnskapen alltid har gått i arv frå ættled til ættled. Verkstaden har ei utstilling som viser 1000 års bygging og bruk.

Kart