Hjem / Kulturminne / Røldal Stavkyrkje, pilegrimskyrkje

Røldal Stavkyrkje, pilegrimskyrkje

Del

Røldal stavkyrkje vart bygd på 11-1200-talet. Kyrkja er mest kjend for sitt undergjerande krusifiks, som etter segna sveitta kvar jonsoknatt. Denne sveitten trudde folk hadde lækjande kraft. Ingen veit om nokon faktisk vart friske, men det er teke vare på mange attlagde krykkjer. Kyrkja fekk rike gåver frå dei mange som valfarta hit, og det gjorde den vesle kyrkja velståande i mellomalderen. På 1600-talet fekk kyrkja rik utsmykking innvendig, med rosemala vegger og tak. Kyrkja er framleis i vanleg bruk. Dagleg omvisning, sjå opningstider.

Kart