Hjem / Kulturminne / Vingen helleristningsfelt

Vingen helleristningsfelt

Del

Vingenfeltet er det nest største helleristningsfeltet i Noreg med vel 2000 figurar. Feltet vart oppdaga då Kristian Bing i 1910 fekk høyre frå Abraham Honnskår om "nogen dyr aftegnet i et berg". I 1912 fekk Bing publisert funna sine, og dermed var Vingen opna for arkeologien. Vingen ligg veglaust og einbølt til. I 1980 vart Vingen Landskapsvernområde oppretta. Ulike sikringstiltak har blitt sett i verk for å verne helleristningane mot natur- og menneskapt påverknad. Frå 1996 er området integrert i Riksantivarens nasjonale bergkunstprosjekt.

Kart