Hjem / Kulturminne / Walaker Hotell - Galleri Walaker 300

Walaker Hotell - Galleri Walaker 300

Del

Noregs eldste hotell, med oppstart i 1640. Ni generasjonar av same slekt har drive gjestgiveri i Solvorn sidan 1690, medan det var ein annan familie som dreiv frå 1640 og fram til 1690. Solvorn var tingstad, og det som i dag er den gamle Tingstova på tunet, vart brukt som tingstove frå 1600-talet. Hovudhuset med sine klassiske søyler vart restaurert og stod ferdig i 1934, med utgangspunkt i eit mindre hus frå tidleg 1600-tal. Walaker Hotell har ein heimekoseleg atmosfære og tradisjonsrik norsk mat, med eit tilsnitt frå det store utland. Hotellet har 22 rom, fordelt i tre hus (to gamle hus, og eitt moderne). Urnes stavkyrkje ligg rett over fjorden for Walaker Hotell. Frå 1. mai og til 30. sep. går det ferje over fjorden frå Solvorn kvar heile time. Jostedalsbreen ligg ca. 1 times køyring frå Solvorn og Walaker. Galleri Walaker 300 held til i den gamle driftsbygningen frå 1883. I 1883 kjøpte familien Nitter Walaker Solvorn gamle 1600-talskyrkje (lafta), som vart demontert og flytta ned på tunet, for å brukast som material til det nye fjøset som skulle byggjast. Dette huset har mykje spanande historie, og vert ei flott råme for den moderne kunsten som vert stilt ut kvart år (to årelege utstillingar).

Kart 

Innehaver av Olavsrosa