Hjem / Kulturminneleiarar på rundtur på Jæren

Kulturminneleiarar på rundtur på Jæren

Del
Fortidsminneforeningen inviterte Kulturminnefondet og Stiftelsen Norsk Kulturarv til kulturminne-fagleg rundreise på Jæren. (Fv. Erik Lillebråten, Elisabeth Søyland, Jarle Braut og Simen Bjørgen ved gravrøysene kring Hå gamle prestegard. (Foto: Emma Kwesiga Lydersen)

- Eg er svært imponert over alle spanande stadar vi har fått oppleva i løpet av desse dagane, seier Erik Lillebråten som er direktør i Norsk kulturarv. Siste besøk var på Varhaug kyrkjegard. Stiftelsen Norsk kulturarvs visjon er "Vern gjennom bruk". Utvikling av nye næringar gjennom bruk av kulturarv-verdiar er ein vesentleg del av verksemda. Norsk Kulturarv bidreg på denne måten til verdiskaping . Stiftelsen Norsk kulturarv har også ulike aksjonar der dei tilbyr økonomisk støtte.

- Det er viktig å ta vare på litt av historia, når vi nå skal utvikle oss inn i framtida, seier Jarle Braut. Som vonar fleire eigarar av kulturminne på Jæren fattar interesse for dei økonomiske tilskotsordningane som kulturminneorganisasjonane forvaltar. Det er direktør Simen Bjørgen og direktør Erik Lillebråten som har vore med Fortidsminneforeningen på ein rundtur for å sjå nærare på kulturarven på Jæren. 

- Vi skulle gjerne fått inn fleire søknader frå private eigarar på Jæren, seier Simen Bjørgen, som legg til at Kulturminnefondet på Røros berre er ei telefonsamtale unna. Kulturminnefondet er eit lågterskeltilbod og ei reindyrka tilskotsordning direkte underlagt Klima-og miljødepartementet. Kulturminnefondet har sidan starten støtta over 5000 tiltak på landsbasis. Berre to av desse er på Jæren.  Det er løa på Heiå frå 1850 i Time som har fått kr 267 000 til nye dører, takrenner, kledning og tak. Jærhuset Høland i Hå kommune har fått kr 100 000 til utbetring av pipe og tak. Det er stort potensiale for fleire prosjekt på Jæren, avsluttar Simen Bjørgen
 

Publisert 
Torsdag, 9 mai, 2019
Les også 

Booker du overnatting på den smarte måten slik at alle pengene du betaler går til overnattingsbedriften og ikke forsvinner til utenlandske skatteparadis? (Foto: Ramsvig Handelsstad)
Sett i et historisk perspektiv har norsk landbruk representert en svært bærekraftig matproduksjon, med små enheter og lite bruk av innsatsfaktorer. Det norske gårdsbruket var uavhengig med lokal forsyning av mat som passet for stedet og egnen. Slik er det nødvendigvis ikke lengre og det er ikke gitt at vi skal komme tilbake dit på sammen måten, men i den kulturelle arven sitter fremdeles kunnskapen vi trenger. I 2020 er vår selvforsyningsgrad av mat mindre enn 44 %, enda lavere på fôr, og volumet er synkende.
Walaker Hotel er med sine 380 år Norges desidert eldste. Hotellet har vært i samme families eie siden 1690. Tiende generasjon er under opplæring.
Kjenner du nokon som gjer ein stor innsats for kulturminne? Fram til 30. juni kan du foreslå dei som kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2020. (Prisen i fjor vart delt av Torbjørn Løland frå Hyllestad og Per Olav Mathiesen frå Rendalen. Dei fekk kulturminneprisen for sitt arbeid for kunnskap om arkeologiske kulturminne. To ulike områder i Noreg, og to verdige vinnarar. Bilete er frå ei synfaring i Stavanger domkyrkje, oktober 2019. Foto: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren)