Hjem / Mesterhuset får ny portal

Mesterhuset får ny portal

Jon Anders Fløistad kan vise fram eit prektig arbeid
Del
Senter for bygdekultur på Hjerleid har fullført arbeidet med kopien av portal og inngangsdør til mesterhuset ved reiparbana i bydelen Sandviken i Bergen.

DOVRE og BERGEN: Det er eit stort prosjekt som nå blir sluttført. Dagleg leiar i Senter for bygdekultur, Heidi Løkken Karsten, framhevar det gode samarbeidet med oppdragsgjevar og eigar Rolf Olsen Eigedom i Bergen. Portalen er eit ledd i restaurering av mesterhuset i tilknyting til reiparbana, med tanke på at huset skal kunne bli eit selskapslokale i kombinasjon med annan aktivitet på eigedomen.

Det unike i dette arbeidet er bl.a. at Senter for bygdekultur har fått nytte lærlingar i arbeidet. Oppdraget har dermed vorte eit viktig opplæringsprosjekt. Even Nævdal Hansen, som har meisterbrev både som treskjerar og møbelsnikkar frå Hjerleid, var ein periode tilsett i Rolf Olsen Eigedom, og det var gjennom han denne kontrakten kom i stand. Han har leia arbeidet, som er gjennomført av tre lærlingar: Jon Anders Fløistad (treskjerar), Njål Andreassen (snikkar) og Bendik Bergendal (smed). Alt er handarbeid.


Heidi Løkken Karsten (til v.) og Jon Anders Fløistad viser detalj frå gammal og ny portal

Til og med har Jon Anders Fløistad sjølv – i samarbeid med smed – produsert mange høvlar med spesialprofil til bruk i arbeidet. Det er lagt vekt på skikkelege materialar og skikkeleg fagarbeid heile vegen, og Heidi Løkken Karsten gir oppdragsgjevar Roald Olsen Eigedom stor ros for ryddig og grei avtale, der kravet til kvalitet er absolutt. Oppdraget med teikningar og dokumentasjon blir utført på timebasis, med eit prisestimat som hittil ligg på rundt 500 000 kroner, seier Løkken Karsten.


Den gamle portalen og døra blir overlevert til Bergen Bymuseum

- Sjølve reiparbanen er stort sett ferdigrestaurert, og vi håpar å kunne bruke den til formidlingsformål i aksen Fiskerimuseet–Reperbanen–Gamle Bergen, i kombinasjon med selskapslokale, restaurant, møte og utstillingar, seier prosjektleiar i Rolf Olsen Eigedom, Jarle Halvor Anfinsen. Fasaden mot aust står att, og eigaren ønskjer å få vegen senka til opphavleg nivå for å kunne laga drenering langs denne sida. Vegen er den viktigaste grunnen til massive roteskader på botnsviller, stolpar og panel her.


Gammalt foto av mesterhuset med portal og reiparbanen bak. Foto: Olaf Andreas Svanøe © Billedsamlingen ved UIB.

Mesterhuset, der reipslagarmesteren budde, er frå tidleg 1800-tal, og er bygt i enden av sjølve reipslagaranlegget, der dei snodde hampefiber til tau og trosser. Det var ein av dei mange eigarane av reiparbanen, Christopher Greve Stoltz, som fekk oppført huset som bustad for familien, i tillegg til at også sveinar og læregutar budde der. Både før og etter Stolz har det vore fleire eigarar av banen. Rolf Olsen Eigedom overtok eigarskapet i 2009.

Reiparbanen i Sandviksveien var ein av i alt 28 i sitt slag i Bergen. Reipslagarindustrien var blant dei viktigaste næringane i byen fram til siste del av 1800-talet, da marknaden begynte å minke. Anlegga i Bergen skal ha utgjort om lag halvparten av alle i Noreg. I dag er det att tre – den andre heile i Fjøsangerveien og ein halv i Repslagerveien. Banen i Sandviken er den einaste som er komplett med alle tilhøyrande bygningar. Reiparbanen i Sandviken – Stoltz’ reperbane eller Nilsenbanen som den også blir kalla – er datert til 1690-talet, og blir rekna som den eldste reiparbanen i tre i Europa. Den er 147 meter lang, men spinnevegen kunne forlengast utandørs, slik at reipslagarbanen kunne bli rundt 300 m. Tjørehuset bak hovudhuset er delvis bygt i stein. Her vart tauverket av hamp impregnert ved å bli dratt gjennom oppvarma tjøre. Huset og reiparbanen vart freda i 1927, men vedtaket vart oppheva i 1934, fordi bedrifta ville utvide – noko som aldri vart realisert. Anlegget vart på nytt freda i 1979, og dette gjorde at den påtenkte vegbygginga resulterte i dagens fløyfjellstunnel. Verksemda ved reiparbanen tok slutt i 1966, og først på 2000-talet vart det bl.a. sendt søknad om rivingsløyve til fordel for utbygging av blokker i området. Søknaden vart avslått av Bergen kommune, og den antikvariske restaureringa vart sett i gang i 2009. Hordaland fylkeskommune har dei siste åra løyvd 1 mill. til bevaring av dette kulturminnet. Fullrestaurering av reiparbanen er kostnadsrekna til 6,8 mill.

Publisert 
Fredag, 27 november, 2015
Les også 

Gleden stod i taket da styremedlem for Kulturminnefondet Kjetil Reinskou overrakte tilsagnsbrevet på hele en million. Tilskuddet skal gå til å tilbakeføre Tyrigravas fasade til sin kjente funkisstil. Styremedlem Kjetil Reinskou (t.v) var tydelig på at Tyrigrava er et godt eksempel på vern gjennom bruk, under overrekselsen av tilsagnsbrevet til Børre Skiaker (t.h). (Foto Line Lyngstad/Kulturminnefondet)
Stiftelsen Norsk Kulturarv har i samarbeid med en ekstern avgiftsrådgiver utarbeidet retningslinjer for avgiftsbehandlingen av serveringstjenester og kulturtjenester som omsettes samtidig. Hensikten med disse retningslinjene er å gi medlemsbedriftene et verktøy som kan benyttes ved vurderingen av egen avgiftsplikt når det omsettes serveringstjenester og kulturtjenester.(Foto: Fausko Skysstasjon)
10,5 millioner kroner tildeles sju ulike prosjekter i Sparebankstiftelsen DNBs siste tildelingsrunde. (kilde: www.mynewsdesk.com)
"Det er betydelige klimagevinster å hente i gjenbruk av eksisterende bebyggelse. Likevel presenteres riving og nybygg som miljøvennlig virksomhet, uten å ta alle klimaeffektene med i regnestykket", skriver Hanna Geiran. Foto: Siri Wolland, Riksantikvaren