Hjem / Norsk Kulturarvs ærespris til Nils Georg Brekke

Norsk Kulturarvs ærespris til Nils Georg Brekke

Del
Styret i Norsk Kulturarv har samrøystes vedteke å dele ut æresprisen 2018 til Nils Georg Brekke.

Stiftelsen Norsk Kulturarvs Fagråd har vurdert forslag til kandidatar til æresprisen 2018. Fagrådet innstilte samrøystes for styret på at årets pris skulle gå til Nils Georg Brekke. Dette var grunngjeve med at han gjennom eit langt liv har gjort svært mykje for å bevare og formidle byggeskikken på Vestlandet. Han har produsert ei mengde publikasjonar åleine og saman med andre, mellom anna Kulturhistroisk vegbok for Hordaland, Hus på vestkysten gjennom 4000 år og Norges arkitekturhistorie for å nemne nokre. 

I alt sitt arbeid har han vist sterk evne til formidling med solid faglegheit og forsking i bunnen og vektlegging på høg kvalitet i presentasjonen.

Forslagsstillar angåande årets ærespris skriv følgjande:

«Ein skal leita lenge etter ein person som har gjort meir for norsk kulturarv.
Fyrst som forskar blandt anna Rosemåling i fjordbygdene.
Deretter som sers dyktig fylkeskonservator i Hordaland.
Medredaktør og delforfattar av "Norsk arkitekturhistorie". Det norske samlaget 2003. Denne er han no med å reviderar for ny utgjeving
Redaktør for dei store og omfattande monumentalverka
"Kulturhistorisk Vegbok for Hordaland" i 1993,
"Folgefonna og fjordbygdene" i 2008,
medredaktør for "Naturhistorisk Vegbok Hordaland" 2005.
Han var og drivkrafta bak nettsatsinga "GRIND" ( kulturhistorie) saman med UiB.
Han har og gjeve ut og vore delaktig i ei rekkje mindre småskrift og publisert ei rekkje artiklar av ulike emne.
Han var sers aktiv særleg her på Vestlandet for å få etablert organisasjonen Norsk kulturarv.
Han er ein kunnskapsrik, raus og inspirerande person både fagleg og personleg noko me som er yngre framleis dreg nytte av i fullt mon.
Han er framleis i full driv og aktiv med ulike kulturprosjekt.
Eg veit ikkje om nokon vestafjells som fortener ein slik pris betre.»

 

Tidligare er SNKs ærespris tildelt:
 2007        :              :             Nasjonale Turistveger
 2008                      :              Harald Grytten, Møre og Romsdal
 2009                      :              Engøyholmen kystkultursenter, Stavanger
 2010                      :              Storfjordens Venner, Møre og Romsdal
 2011                      :              Astri Riddervold, Nordland
 2012                      :              Jon Ole Andersen, Finnmark
 2013                      :              Oddgeir Bruaset, Møre og Romsdal
 2014                      :              Jon Bojer Godal, Møre og Romsdal
 2015                      :              H.M. Dronning Sonja
 2016                      :              Jon Brænne, Oslo
 2017        :             :              Christian Sulheim, Lom
 

Kriteria for SNKs ærespris er følgjande:
1. Namnet på prisen er Norsk Kulturarvs Ærespris.
2. Føremålet med prisen er å fremje interessa for den norske kulturarven.
3. Prisen kan gjevast til einskildpersonar eller grupper, lag og organisasjonar som har vist evne og vilje til å yte aktiv innsats for ivaretaking, aktualisering, formidling eller tilgjengeleggjering av den norske kulturarven.
4. Det skal utdelast maksimalt ein pris årleg.
5. Alle medlemmer av Norsk Kulturarv kan føreslå kandidatar.
6. Styret for Norsk Kulturarv tek avgjerd om tildeling av prisen etter tilråding frå fagrådet.

Publisert 
Onsdag, 12 september, 2018
Les også 

Det starter før du blir født, sier vi i vår nye bok, som heter Kresne Barn. Egentlig er boka ikke kun om kresne barn, men mest om hva vi kan gjøre som kultur for å unngå at vi får for mange barn som er kresne. I dag ser vi en vekst i foreldres bekymring når det gjelder mange barns restriktive matvalg. Aldri før har vi hatt tilgang på større variasjon. Likevel ser vi en klar tendens til at det er mange som begrenser valgene sine heller enn å spise mer variert. For noen barn blir det å være kresen en selvforsterkende mekanisme som, hvis den får utvikle seg langt nok, kan bli en hindring for et godt liv.
Foto: Toril Melheim Strand
På folkemusikk treffen i Vågå, 31.01.2020 ble Norsk Kulturarv`s gullnål delt ut til Ivar Odnes, post mortem (Foto: Toril Melheim Strand)
Mandag 20. januar var det smakfest når Norsk Smaksskule med Per Ivar Berget og Arne Brimi i spissen laget mat sammen med barna fra NaKuHel-barnehagen i Drivhuset på NaKuHelsenteret på Sem i Asker med skrei i form med grønsaker sto på menyen. (Foto: Jens Skaaland/Pitch Forlag)
Boka til Einar Risvik og Norsk Smaksskule, Kresne barn er nå ute i alle norske bokhandlere.