Hjem / Norsk Smaksskule: Prøv ei kornveke!

Norsk Smaksskule: Prøv ei kornveke!

Del
Hausten er kornets årstid - kvifor ikkje kombinere den med å lære om skuronn med ei kornveke?

Her er eit forslag på ein vekesplan for arbeid med korn i skule, barnehage eller heime. Under følgjer nokre av oppskriftene.

Måndag: Bak grovt brød.
Tysdag:  Lag havregraut.
Onsdag: Bak grove rundstykker.
Torsdag: Lag byggrynsgraut
Fredag:  Lag knekkebrød.

Hensikta med oppgåva er å bevisstgjera korn og frø som ein del av det daglege kosthaldet. Set fokus på at dette er sunt og mettande. Lær elevane litt om kor det kjem frå, korleis det dyrkast og korleis det nyttast i det daglege. Fortel litt om næringsinnhaldet.
Kva slags betydning har korn hatt i Norge? Er det skilnad på det brødet du bakar sjølv, mot det du kjøpar i butikken?

Diskuter smak og evt særeigenheitar hjå kornet og frøet. Kva korn egner seg til kva? Kva nyttar man korn til? Kva er fiber?
 

Oppskrift på grovt brød

100 g sammalt rug
100 g sammalt hvete
125 g lettkokte havregryn
1 ss solsikkefrø
Ca 450 g hvetemel
1 pk tørrgjær
1 ss salt
1 ss honning
5 dl vann
Start med vatn, det grove mjølet, havregryn og solsikkefrø og rør dette i om lag 5 minutter. Tilset hvetemel, gjær, salt og honning. Elt deigen i 10 minutter. Deigen skal sleppe kanten på bollen. Tilset meir mjøl dersom deigen blir for laus.
Heves til dobbel storleik.
Delast opp i 2 emner og hevast på nytt.
Penslast med vatn og steikast i ovn på 200 grader i ca 35-40 minutt

Oppskrift på havregraut

½ liter vatn
½ liter mjølk
3 dl lettkokte havregryn
1 ts salt
Kok opp vatn og mjølk. Dryss havregryna oppi, rør godt og la det småkoke i om lag 5-6 minutter. Smak til med salt.
Kan serveres med til dømes rosinar, honning, syltetøy, sukker og kanel.

Oppskrift på byggrynsgraut

2 dl byggryn frå Skjåk
1 liter mjølk
½ ts salt
Bløtlegg gryna i vatn i ca 2 timar. Slå av vatnet. Kok opp mjølk og tilset byggryna. La det småkoke i ca 1 time. Rør av og til. Server med sukker og kanel, syltetøy, brunost eller honning.

Oppskrift på knekkebrød

2 dl solsikkefrø
2 dl havrekli
2 dl sesamfrø
2 dl havregryn
1 dl linfrø
1 dl kruskakli
1 ss salt
1 ss honning
1-2 ss kveitemjøl
7 dl vatn
Bland alle ingrediensane i ein bolle, å la det stå og svelle i om lag 1 time.
Legg passe mengde av røra på eit bakepapir. Stryk det utover. (Tips: Bruk plastfolie!! Da kan man stryke det heilt flatt og jamnt utover.) Steikast på brett i omn. 160 grader varmluft, i om lag 20-30 minuttar.

Publisert 
Mandag, 30 september, 2019
Les også 

Snart kjem Kulturarven nr 86 ut i postkassa til våre medlemmer.
På dagen for 25-årsjubileet til NaKuHel-senteret i Asker er Smia og verkstedet på Sem i Asker er tildelt det nasjonale kvalitetsmerket Olavsrosa.
Meld deg inn i Norsk Kulturarv i dag og få gratis medlemsskap ut året samt Arne Brimis kokebok i velkomstgave! Send kulturarv til 2090
Norsk Smaksskule har i fleire år vore ein del av det internasjonale forskningsnettverket for smak, mat- og kosthaldsvaner, Sapere. Førre veke var dei representerte på University of Cambridge for SAPERE Symposium 2019.