Hjem / Ny målarline på Handverksskolen på Hjerleid

Ny målarline på Handverksskolen på Hjerleid

Del
- Å vera målar er å jobbe med fargar, det som fargelegg og gjev ljos i livet til folk heile året. Yrket er så variert, du må kunne mykje forskjellig fordi det er ulike teknikkar du brukar kvar dag: sparkle, pusse, blande pigment, koke limfargar, marmorere, lakkere, male på mur, på tapet, vindauge, ute og inne, - ja dette er berre eksempel, seier lærling i mælarfaget, Lizzy Muzungu. (Foto: Bygg og bevar)

Vg2 Overflateteknikk
Eit nytt utdanningstilbod i målarfaget startar opp hausten 2019 ved Handverksskolen på Hjerleid, Dovre. Dette er Vg2 Overflateteknikk, eit yrkesfagleg tilbod i vidaregåande skule. Elevane vil her kunne fordjupe seg i tradisjonelle målingsteknikkar og materialar som svært få har kunnskap om i Noreg i dag. Det er eit stort behov for handverkarar som kan jobbe med restaurering av kulturarven vår. Her trengs det målarar med kunnskap om linolje, lakk, lasur, limfarge, komposisjonsmåling og dekorasjonsmåling, som til dømes marmorering, ådring, sjablongmaling og lasering. Dette er eit unikt, landsdekkjande tilbod innan eit fagområde kor det er stor etterspørsel etter kompetanse da det er få som kan dette faget i Noreg i dag. Vaksne kan vera elever, sjølv om dei er ferdige med vidaregåande og anna utdanning. 

Yrkesfaga sitt år
2018 var yrkesfaga sitt år, og politikarar og næringsliv sa til ungdommen:
- Ta utdanning som handverkar, det er noko av det luraste du kan gjera.
Det er eit stort behov i Noreg for dyktige handverkarar i mange fag.
Likevel er det få utdanningstilbod i målarfaget, og mange ungdommar som ikkje veit om moglegheitene i dette faget. Det ønskjer målebransjen å gjere noko med, og målarmeister Ole Andreas Klaveness har hatt med seg lærlingen Lizzy Muzungu på fleire spennande restaureringsoppdrag. Ho har og teke sveinebrev.

Om målarfaget
Målarmeister Ole Andreas Klaveness utdjupar innhaldet i målarfaget. - Faget gjev kunnskap om avansert kjemi, inngåande materialkunnskap og verktøyforståing. Du får bruk for estetisk sans, kloke hender og eit godt hovud. Det er målarhandverket, seier Klaveness.
Handverksskolen vil i samarbeid med målarbransjen utfordre unge og vaksne til å satse på ei utdanning i det tradisjonsrike og spennande målaryrket.
Les meir om yrket her:

For meir informasjon, ta kontakt med Helle Hundevadt
tlf: 932 81 930, helle(ætt)hjerleid.no
www.hjerleid.no/handverksskolen
 

Publisert 
Torsdag, 7 mars, 2019
Les også 

UTTAKLEIV GRENDELAG, Vestvågøy i Lofoten, blir tildelt Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2019. Uttakleiv representerar den viktige kystkulturen og fiskarbondens landskap, der det ligg mellom høge fjell, nordvendt og heilt ope ut mot storhavet. Dette sanddynelandskapet med strandenger omkransa av kulturenger, artsrike beitelier og bratte fjell, har vore heimstaden for menneske lenge.
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen har utnemnt nytt styre for Kulturminnefondet
På vakre Engeløy i Nordland kan du få oppleve hvordan doktoren og hans fru levde for over hundre år siden. Og doktorfruens kafé holder på tradisjonene, og serverer deilig møsbrømlefse, en lokal spesialitet Tekst og foto: Liv-Karin Edvardsen
- Norsk Smaksskule fyller i en viktig rolle for norske barn og unge, sa Lars Petter Bartnes under åpningen av Norsk Smaksskule på Sentralen i Oslo mandag 19. august.