Hjem / Olavsrosa / Søk om å få Olavsrosa

Søk om å få Olavsrosa

Del
Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa viser veg til eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven.

Olavsrosa er det leiande varemerket for opplevingstilbod med basis i den norske kulturarven. Kvalitetsmerket blir tildelt opplevingar av særleg høg standard, med omsyn både til kulturhistorie og formidling. Olavsroseinnehavarane er fyrtårna i Norsk Kulturarv, og vil i alle samanhengar stå sentralt både i profilering og markedsføring av kulturarvopplevingar for eit breitt publikum.

Olavsrosa symboliserer stor respekt for fortida, men også glede, nytte og spennande opplevingar i dag. Innehavarane av Olavsrosa forpliktar seg til å vere gode ambassadørar for ein levande kulturarv og til å formidle historia til gjestene sine.

Sjølve symbolet Olavsrosa byggjer på valknuten – eit gammalt symbol for vern, som er kjent både frå Norge og utlandet.

Olavsrosa – våre beste opplevingar

131 bedrifter/ institusjoner er pr. dags dato tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa. Dei utgjer eit breitt spekter av ulike opplevingar. Lista over stader som har Olavsrosa, speglar det store mangfaldet i kulturarven vår. Her finn vi alt frå seglskuter, fyr og fiskevær, spennande overnatting og servering på gamle gardar, setrer, historiske hotell eller rorbuer til industrihistorie, gamle jernbaner, handverkstradisjonar og kulturarrangement.

Kvalitetsvurdering

Kvalitetsmerket er basert på fleire formelle kriterium, og blir tildelt etter søknad frå kvar enkelt. Det er styret i Norsk Kulturarv som avgjer søknader etter tilråding frå Norsk Kulturarvs Fagråd. Tildeling av Olavsrosa skjer etter ei ei totalvurdering av kvaliteten på produktet.

Ved søknad om løyve til å bruke kvalitetsmerket legg Norsk Kulturarv vekt på:

  • Produktet sin kulturhistoriske verdi
  • Korleis dei kulturhistoriske verdiane er ivaretatt
  • Korleis produktet er tilrettelagt og blir formidla til pubikum

Kvalitetsmerket er underlagt årleg kontroll, og alle innehavarar av Olavsrosa leverer årlege rapportskjema.

Korfor søkje om det nasjonale kvalitetsmerket Olavsrosa?

Det å kunne profilere seg som ein av mange viktige aktørar i det nasjonale dugnadslaget for kulturarven vår, er i seg sjølv ein god grunn for å søkje om Olavsrosa.

I tillegg har innehavarane følgjande fordelar:

  • Profilering i inn- og utland i regi av Norsk Kulturarv og våre samarbeidspartnarar, slik som Norges Automobilforbund (NAF)/ NAF Veibok, Nasjonale Turistveger, Innovasjon Norge etc.
  • Bruk av kvalitetsmerket i eiga profilering
  • Marknadsføring via eigen bedriftspresentasjon på norsk, tysk og engelsk under www.kulturarv.no med mange brukarvennlege funksjonar.
  • Distribusjon av medieomtale på vår nettside www.kulturarv.no og i sosiale medium
  • Medlemsmagasinet «Kulturarven»  4 gonger i året
  • Omtale av alle tildelingar av Olavsrosa i «Kulturarven», og moglegheit for redaksjonelt stoff elles
  • Deltaking i nettverket av Olavsrose-stader

Bruk av det nasjonale kvalitetsmerket Olavsrosa

Styret har utarbeiddd følgjande grunngjeving for tildeling av Olavsrosa:
Olavsrosa – våre beste opplevingar
Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa skal vise publikum kor dei kan finne eineståande opplevingar med røter i kulturarven vår. Innehavarar av Olavsrosa har rett til å bruke kvalitetsmerket aktivt som et verkemiddel i profilering av produktet sitt.

Nye brukarar får emaljeskilt og diplom. Norsk Kulturarv oppfordrar alle innehavarar til å bruke kvalitetsmerket aktivt på profileringsmateriell og i all marknadsføring. For å sikre kvaliteten, skal bruken vere i samsvar med Norsk Kulturarvs retningslinjer og godkjennast av Norsk Kulturarv før bruk.

Alle innehavarane av Olavsrosa betaler ei årlig avgift som er differensiert etter omsetning.
Det er svært viktig at vi har eit kvalitetssikrings- og oppfølgingssystem som sikrar styrke og truverde ved kvalitetsmerket. Det vil derfor bli gjennomført kvalitetskontroll gjennom besøk og årleg rapportering på fast kjema som sikrar at føresetnadene for tildeling av kvalitetsmerket framleis gjeld, og at alle held kvaliteten på sitt produkt ved like.

Olavsrosa - Årskontingent

Omsetning Kr
Under 100 000 3 025
100 000 - 250 000 4 275
250 000 - 500 000 5 525
501 000 - 1 000 000 7 400
Over 1 000 000 9 970

Ta kontakt med oss dersom de ønskjer å få tilsendt meir informasjon om kvalitetsmerket, saman med søknadsskjema.

 

Relaterte filer