Hjem / Statsbudsjettet for 2016: Vern gjennom bruk

Statsbudsjettet for 2016: Vern gjennom bruk

Borgun Stavkirke
Del
Statsbudsjettet for 2016 inneheld ikkje store overraskingar for kulturminnevernet. Det mest gledelege og viktige for oss i Stiftelsen Norsk Kulturarv er at regjeringa har teke visjonen vår inn som retningsgjevande for framtidig kulturminnevern.

«Gjennom målretta og systematisk arbeid har kulturminneforvaltninga lagt vekt på vern gjennom bruk, då dette er den beste forvaltninga av kulturminna. Prosjekta medverkar til utvikling av lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Satsing på kulturminne som ressurs medverkar til positiv utvikling av byar og stader. Kulturminneforvaltninga er ikkje næringsutviklar, men skal leggje til rette for at andre aktørar kan drive næringsutvikling i tilknyting til kulturminna.»

Statsbudsjettet 2016, «Kulturminne og kulturmiljø – nasjonale mål»

 

Heilt sidan Norsk Kulturarv vart oppretta i 1993 har visjonen vår vore Vern gjennom bruk. Dei tre velvalde orda vart utmeisla alt i 1988 av grunnleggaren vår, Christian Sulheim, og står seg like godt i dag. Norsk Kulturarv har heile tida hevda at aktiv bruk er ein viktig premiss for ein levande og mangfaldig kulturarv. Vi bidreg på denne måten til verdiskaping. Kulturminne som blir brukte aktivt, skapar tilhøyre og identitet. Norsk Kulturarv har som formål å sikre kulturarven vår for komande generasjonar gjennom berekraftig bruk langs kysten, i innlandet og i bystrøk. Haldningsskapande verksemd, informasjon og formidling av verdiar som inspirasjon, kunnskap og identitet er viktig.

Retningsgjevande for framtidig kulturminnevern

Statsbudsjettet for 2016 inneheld ikkje store overraskingar for kulturminnevernet. Det mest gledelege og viktige for oss i Stiftelsen Norsk Kulturarv er at regjeringa har teke visjonen vår inn som retningsgjevande for framtidig kulturminnevern. Det er vi glade for og stolte over! Christian sine velvalde ord frå 1993 gjev gjenklang – endeleg – i regjeringskorridorane!

Regjeringa står fast ved dei nasjonale måla for kulturminnevernet:

  • Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast
  • Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020
  • Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vera vedtaksfreda innan 2020
  • Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Vert kulturvern prioritert i 2017?

På bakgrunn av dette er det forunderleg at Regjeringa ikkje intensiverer arbeidet allereie i 2016. Aller helst skulle det vore gjort for 10 år sidan. Regjeringa innrømmer at framdrifta i fleire av bevaringsprogramma er svakare enn ønskjeleg. Det blir spennande å sjå kva dei vil gjera i budsjettforslaget for 2017 for å koma i rute.

Partiet Venstre har denne perioden vist seg å vera veldig viktig for oss i kulturminnevernet. Vi set vår lit til dei denne hausten òg. I valgkampen forsikra dei oss om at dei vil arbeide for at eigarane av kulturminne skal sikrast gode rammevilkår. Dei har programfesta gjennomgang av dei statlege virkemidla, og vil gje kommunane auka moglegheit til å gripe inn mot spekulativt forfall. Venstre vil også sikre Riksantikvaren forsvarlege økonomiske rammevilkår, og har programfesta at dei ønskjer å styrke finansieringa av Kulturminnefondet. Dette fondet er Klima- og miljødepartementet si viktigaste verkemiddelordning for eigarar av verneverdige kulturminne, medan Riksantikvarens tilskottsordningar er retta mot private eigarar av freda kulturminne.

Dette er nødvendig for å nå dei nasjonale måla – og lovar bra for framtida!

Erik

Erik Lillebråten

direktør

erik@kulturarv.no

Publisert 
Mandag, 30 november, 2015
Les også 

Booker du overnatting på den smarte måten slik at alle pengene du betaler går til overnattingsbedriften og ikke forsvinner til utenlandske skatteparadis? (Foto: Ramsvig Handelsstad)
Sett i et historisk perspektiv har norsk landbruk representert en svært bærekraftig matproduksjon, med små enheter og lite bruk av innsatsfaktorer. Det norske gårdsbruket var uavhengig med lokal forsyning av mat som passet for stedet og egnen. Slik er det nødvendigvis ikke lengre og det er ikke gitt at vi skal komme tilbake dit på sammen måten, men i den kulturelle arven sitter fremdeles kunnskapen vi trenger. I 2020 er vår selvforsyningsgrad av mat mindre enn 44 %, enda lavere på fôr, og volumet er synkende.
Walaker Hotel er med sine 380 år Norges desidert eldste. Hotellet har vært i samme families eie siden 1690. Tiende generasjon er under opplæring.
Kjenner du nokon som gjer ein stor innsats for kulturminne? Fram til 30. juni kan du foreslå dei som kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2020. (Prisen i fjor vart delt av Torbjørn Løland frå Hyllestad og Per Olav Mathiesen frå Rendalen. Dei fekk kulturminneprisen for sitt arbeid for kunnskap om arkeologiske kulturminne. To ulike områder i Noreg, og to verdige vinnarar. Bilete er frå ei synfaring i Stavanger domkyrkje, oktober 2019. Foto: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren)