Hjem / - Trur du me får det til?

- Trur du me får det til?

Del
TEKST OG BILETE: MATHIAS ØVSTENG Det var høgtid på Osøyro laurdag 28. mai, da Oselvarverkstaden vart tildelt kvalitetsmerket Olavsrosa, med denne grunngjevinga: «Stiftinga Oselvarverkstaden blir tildelt Olavsrosa for bevaring, vidareføring og formidling av gammal og høgt utvikla båtbyggjartradisjon.»

OS: Oselvarverkstaden med styreleiar Norvald Skåtøy og dagleg leiar Åsmund Lien i spissen hadde laga ei flott ramme rundt Olavsrose-tildelinga – med ei rekke gjester, god servering, drøs og omvising i tillegg til musikalsk innslag på trompet av unge Vibeke Nordtveit.
– Olavsrosa er så fortent her! sa Randi Bårtvedt frå styret i Norsk Kulturarv ved overrekkinga av Olavsrosa. Ho sa mellom anna vidare at kvalitetsmerket forpliktar – både når det gjeld produksjon og formidling, og at båtbyggjarane i Os «ikkje leikar» kulturarv, dei skaper noko som gjev meining og nytte. Folk i dag vil oppleva ekte vare, der kulturarven er kjerna i formidling og verdiskaping. Oselvarverkstaden gjev liv til visjonen i Norsk Kulturarv: Vern gjennom bruk. Ikkje minst gjeld dette den immaterielle arven som ligg i båtbyggjartradisjonen. Bårtvedt utfordra også Os kommune når det gjeld å forsterke formidlinga med utvida tilgjenge for publikum.
Den handborne båtbyggjarkunnskapen bak oselvaren var nesten avsliten da arbeidet for å berge tradisjonen tok til sist på 1970-talet. Babben Roll i Bergen Husflidslag tok da initiativ til eit kurs i bygging av oselvaren – båten som med berre tre bord på kvar side er særskilt mjuk, fleksibel og lettrodd i møtet med både sjø og sjøar. Karl Søvik og Jon Askvik stod for undervisning i materialkunnskap og bygging. Båtbyggjar Askvik døydde før første kurset var ferdig, og eleven Harald Dalland overtok, med god hjelp av Nils og Ola Drange i tillegg til Timann og Otto Askvik. Harald Dalland og Nils Olav Solbakken gjorde seinare oselvarbygginga til yrke, og kunnskapen var dermed førd vidare.
Fylke og kommune kom tydeleg inn i bildet sist på 1980-talet, i første rekke fylkeskonservator Nils Georg Brekke og kultursjef Ingebjørg Astrup i Os saman med ordførar Ole Haakon Lunde. Strevet for å få etablert Oselvarverkstaden var i gang, og i 1997 flytte fire båtbyggjarar inn i verkstaden som kommunen hadde bygt ved Oselva. Det var Geirmund Dyrdal (ordførar 1995–99) som spurte Nils Georg Brekke da arbeidet stod på som hardast: –Trur du me får det til?

Trur du me får det til?

Nils Georg Brekke var naturlegvis til stades under Olavsrose-festen. Han understreka at den viktige båtbyggjartradisjonen gjennom Oselvarverkstaden vart berga i tolvte time, ein tradisjon som også kunne bli ei næring. – Det er mange gode initiativ som ikkje blir som tenkt, men dette er noko av det mest vellykka eg har vore med på, sa han.
Det er dokumentert båtbygging i Os frå 1520, og 250 år i ubroten tradisjon frå etter 1750. Da bygde Lars og Jørgen Tøsdal båtar ved Oselva. Etter skipinga av Oselvarverkstaden i 1997 er det bygt nærmare 90 båtar her – i ymse storleik og til ulike formål – alltid med strenge kvalitetskrav til kunnskap om material og handverk. Verkstaden tek også på seg reparasjon av eldre oselvarar.
Seks lærlingar har tatt fagprøva ved verkstaden, og tre av dei er blant fire båtbyggjarar som er fast tilsette i dag. Anne Maren Rongevær de Jonge er ny lærling. I 2009 vart Oselvarverkstaden knytt til Économusées Northern Europe, og er nå nominert til «Best Safeguarding Practices» – beste vernearbeid – på eksklusive UNESCO-lister. Avgjerda om dette er venta seinare i haust.
Ordførar Terje Søviknes var blant fleire gjester som hadde med blomster og gode ord til Oselvarverkstaden og alle som arbeider der. Han sa at kommunen var stolt av både verkstad og oselvar, og at idealistar, kommune og fylkeskommune her gått saman om å berge eit handverk. Ordføraren overrekte blomster til dagleg leiar Åsmund Lien, og slo fast at Lien alltid gjorde ting «fullt og heilt». Kultursjef Per Morten Ekerhovd og næringssjef Mette Nora Sætre i Hordaland fylkeskommune viste til at Oselvarverkstaden representerer ein sjeldan sterk og rein kultur, og er eit viktig visingssenter i samhandling med andre gode krefter.


– Åsmund Lien stod fram med slik innsikt og fagleg tyngde at det gjekk ei stund før eg forstod at han ikkje var båtbyggjar, sa Øyvind Myhr frå Hillesvåg Ullvarefabrikk Économusée. Saman med Asbjørn Stavland var han av dei mange som ville heidre både verkstaden og Åsmund Lien på den store dagen. Direktør Marianne Nielsen helsa frå Bymuseet i Bergen, og Ingebjørg Astrup mintest arbeidet i nittiåra, samtidig som ho takka Åsmund Lien for det store arbeidet han som dagleg leiar har lagt ned ved Oselvarverkstaden.
– Me har søkt om Olavsrosa, og me fortener henne! var dei reine og ærlege orda som kom frå Lien sjølv, som proklamerte at han ville gå over i pensjonistrekka ein månad etter tildelinga. Han var påpasseleg med å kalle fram båtbyggjarane, og gav Olavsrosa vidare til Berit Synnøve Osmundsen, som overtok som dagleg leiar 1. juli: – Dette får bli stafettpinnen du får av meg!
 

Publisert 
Tirsdag, 11 oktober, 2016
Les også 

Norsk Kulturarv får økonomisk støtte fra Stiftelsen UNI til skadeforebyggende tiltak i forbindelse med «Ta et tak 2017/2018». Dette ble klart da Stiftelsen UNI i sitt styremøte 7. juni 2017 besluttet å innvilge kr. 3.000.000 til dette formålet.
Det ble feiret med brask og bram på Geitmyra Matkultursenter når Gjensidigestiftelsen lanserte sin nye storsatsing på kosthold onsdag 21. juni. (Foto: Gjensidigestiftelsen)
Norsk Kulturarv har også i skoleåret 2016/17 gjennomført den prisbelønnede aksjonen «Rydd et kulturminne». Sparebankstiftelsen DNB har gitt 500 000 kroner til aksjonen, og Riksantikvaren har gitt 100000 øremerket til premiering. Totalt har Sparebankstiftelsen gitt over 4.9 millioner kroner til Rydd et kulturminne siden 2004.- Vi er veldig glade for støtten vi får fra Sparebankstiftelsen DNB og Riksantikvaren Dette gjør det mulig å gjennomføre nok en aksjon, sier prosjektansvarlig, Randi Skogum fra Norsk Kulturarv. (Alle foto: Trygve Grana)
Utstillingen, "Kloke hender" gikk av stabelen på Hjerleid i helga. Styreleder i Norsk Kulturarv åpnet utstillingen. Her kan du lese hva hun sa. (ALLE FOTO: Torunn Elise Berg / Studieforbundet Kultur og tradisjon)