Norsk Kulturarv / 6 månads engasjement: Vil du vera med å ta Norsk Smaksskule vidare?

6 månads engasjement: Vil du vera med å ta Norsk Smaksskule vidare?

Del
Er du kreativ, nytenkjande og framoverlent? Vil du vera med å vidareutvikle Norsk Smaksskule? Vi søker offensiv og resultatorientert person i 6 månadars engasjement frå nyttår.

Om Norsk Smaksskule
Norsk Smaksskule er eit prosjekt i regi av Norsk Kulturarv som tilbyr kurs for skule- og barnehagetilsette som treng fagleg påfyll til korleis dei skal jobbe med smak, mat og råvarer med ungane. Dei siste åtte åra har vi kursa godt over tusen skule- og barnehagelærarar  gjennom vårt kompetansehevingsprogram. I tillegg har vi besøkt nær 200 skular og barnehager over heile landet. Norsk Smaksskule var i 2019 Norges kandidat i finala av Embla Nordic Food Awards i Reykjavik i kategorien barn og unge. 

Om stillinga

Covid-19 har gjeve utfordringar – no vil vi nytte tida til å sjå moglegheiter. Norsk Smaksskule skal gjennomføre eit intensivt prosjekt med fokus på innovasjon januar-juli 2020 og søkjer ein dyktig medarbeidar til dette i ei 60% stilling fram til og med juni. Det kan verta moglegheit for forlenging. Vi søkjer ein offensiv og resultatorientert prosjektmedarbeidar i engasjement som kan starte på stutt varsel – gjerne allereie frå januar. Medarbeidaren lyt vera viljug til å gjera varierte arbeidsoppgåver og ofte på stutt varsel.

Ser du på dette som ei spennande utfordring, send ein e-post om kvifor vi bør tilsette deg til tor@kulturarv.no. For spørsmål, ta kontakt med ein av kontaktpersonane.

 

Kontorplass i Vågå
Søknadsfrist: 18. desember

Erik Lillebråten                                                                        Tor Valdvik
Direktør, Norsk Kulturarv                                                       Prosjektleiar, Norsk Smaksskule
Tlf 909 71 257 / E: erik@kulturarv.no                                    T 951 76 019 / E: tor@kulturarv.no
 


Vil du vera med å spre matglede med Norsk Smaksskule?

 

Publisert 
Mandag, 7 desember, 2020
Les også 

Tenk deg en reise til en by, langs kysten, til en fjelldal eller i en fjord, der alle minner etter våre forgjengere var borte. (Foto: DS Turisten)
Olavsrosestedet, Heddan Gjestegard byr på unike og spennende opplevelser i sommer.
Under utstillinga av elevarbeid ved Hjerleid skule og handverksenter på Dovre vart det overrekt ein uvanleg presang. Senter for bygdekultur var den heldige som fekk ei staseleg lafta bygning. På bilde: Helle Hundevadt, Jon Bojer Godal og Steinar Moldal Foto: Ove Kirkestuen
I budsjettforliket mellom regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF og FrP har partia vorte samde om å auke Kulturminnefondets ramme med 16 millionar kroner. Dermed reverseres kutta som vart gjort i statsbudsjettet for 2021.