Norsk Kulturarv / FEKK EIT LAFTA KINDEREGG I GÅVE

FEKK EIT LAFTA KINDEREGG I GÅVE

Del
Under utstillinga av elevarbeid ved Hjerleid skule og handverksenter på Dovre vart det overrekt ein uvanleg presang. Senter for bygdekultur var den heldige som fekk ei staseleg lafta bygning. På bilde: Helle Hundevadt, Jon Bojer Godal og Steinar Moldal Foto: Ove Kirkestuen

Sjølv om mange har bidrege, hadde det ikkje vorte noko hus utan drivkreftene Jon Bojer Godal, Henning Olstad og Steinar Moldal. Det var deira idé og det er dei som har tileigna seg kunnskapen og leia arbeidet. Bygget som er eit tvihøgda hus med bakstove og loft (stabbur), består av fleire typar laft. Huset og teknikkane som er nytta, blir ein viktig del av den siste av i alt fire bøker om det å lafte. Ein serie som dei tre karane også står bak.
ˮ Sidan det mest arbeidsame er gøymd, skal vi kompensere med laftemodellar. Kanskje også ein serie med bilete. Då vil ein lettare forstå korleis arbeidet er utført ˮ, seier Moldal.

Sjølv om huset skal vera ein læringsarena for framtida, har mange, både yngre og godt vaksne, lært mykje under bygginga. Eit arbeid der også akademikarar og utlendingar har gjeve sin skjerv. På det meste var heile åtte nasjonar med.

Leiar av Senter for bygdekultur (Sfb), Helle Hundevadt, var sjølvsagt takksam for den gilde gåva. Ho rosa dei tre pionerane for at dei alltid søkjer ny kunnskap. Ho meinte at Godal, Olstad og Moldal ser verdien i det som andre ikkje legg merke til. Ikkje ulikt Espen Askeladd.

ˮ Mangfaldet innan laftetradisjonen er viktig å ta vare på. Dette huset er med å sikre at kunnskap ikkje går tapt ˮ, sa Hundevadt.

VERDAS BESTE HUS

I fylgje riksantikvar Hanna Geiran som opna utstillinga, er mange glad i lafta hus fordi dei er vakre og at dei står for tradisjon, trivsel og røter. Sjølv meinte ho at dei er verdas beste. I si tale roste Geiran dei tre hendige karane.

ˮ Både huset og bøkene er ein strålande idé. Ikkje minst bokverket er eit funn. Til og med for ein vanleg lesar opnar det seg ei ny verd. Han eller ho vil aldri meir gå upåverka forbi eit tømmerhus ˮ, sa riksantikvaren.

Leiar av Norsk Håndverksinstitutt på Lillehammer, Eivind Falk, kalla huset for kulturarven sitt kinderegg.

ˮ Huset er ein pedagogisk arena utan sidestykke ˮ, sa Falk.

Magne Botten, medlem av formannskapet i Dovre, gratulerte med det han kalla eit praktbygg. Botten nemnde også kor viktig Hjerleid er for Dovre og han var særs glad for at staden er i stadig vekst.

Torunn Kveen frå Studieforbundet kultur og tradisjon meinte det var klokt å gje huset til Hjerleid-miljøet.

ˮ Dei har fortent denne gåva som no er i gode og kloke hender. Huset vil setja spor etter seg ˮ, sa Kveen.

Saman med Norsk kulturarv er Studieforbundet kultur og tradisjon med som eigar av verksemda på Hjerleid.

Tekst: Ove Kirkestuen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert 
Fredag, 18 juni, 2021
Les også 

Det historiske hotellet, Steien Hotel, er en ny attraksjon på Alvdal nord i Østerdalen.
I 2021 markerer Stortinget at det er 100 år siden Karen Platou som første kvinne ble innvalgt til fast plass på Stortinget. Det feires blant annet med en utstilling på Eidsvolls plass, som man kan se gjennom sommeren. (Alle foto: Stortinget)
Tenk deg en reise til en by, langs kysten, til en fjelldal eller i en fjord, der alle minner etter våre forgjengere var borte. (Foto: DS Turisten)
Olavsrosestedet, Heddan Gjestegard byr på unike og spennende opplevelser i sommer.