Norsk Kulturarv / - Gjev tilskot til å stelle framfor å rive!!!

- Gjev tilskot til å stelle framfor å rive!!!

Del
Eit offentleg utval nedsett av regjeringa vil rive det dei kallar "spøkelseshus" i distrikta for å gjera distrikta meir attraktive. - Hjelp folk å redde husa istaden, seier direktør i Norsk Kulturarv. (Foto: Skjermdump NRK)

– Slum er eit omgrep ein ofte knyter til urbane strøk, men det vi ser nå er at det stort sett skjer på bygda, seier Kristian Aasbrenn i eit intervju med NRK. 

På NRK Innlandets distriktssending måndag 18. januar reagerar direktør i Erik Lillebråten sterkt på forslaget frå det offentlege utvalet. - Ei av dei største utfordringane ein kan ha i bygningsvernet, til dømes i ein region som Innlandet, er at ein kan ha ein professor på Høgskulen som kan meine noko slikt, sa Lillebråten. - Eg får dårleg samvit for alle dei eigarane som nyttar alt dei har av ressursar og meir til på å halde ved like bygningsarven vår, også blir det dei gjer beskrive som slumområde, det er ikkje noko godt.

Norsk Kultuarv syner til eit medieoppslag for nokre år sidan med dåvêrande ordførar i Kåfjord, Svein O. Leiros som tok til orde for å rive falleferdige hus som sto og råtnet ned. Den gongen gjekk Kulturminnefondet, Norsk Kulturarv, og Fortidsminneforeininga saman og inviterte til møte for eigarar og informerte om støtteordningar for helle å redde bygningane som sto og forfall. Dette endte med at mange av bygningane som forfall i området heller søkte og fekk støtte til å redde bygga. 

- Vi hadde eit tilsvarande døme i Nord-Norge der same problemstillinga vart reisa - tilskott til å rive - men da dei eigarane vart gjort merksame på at finst tilskott for å halde ved like og stelle så fann dei ut at det var ei langt betre løysing, avslutta direktør Lillebråten.

Sjå innslaget frå NRK Innlandet i sin heilskap her. 

Publisert 
Mandag, 18 januar, 2021
Les også 

I 1983 fekk Jæren eit nytt kultursenter, Hå gamle prestegard. Men det var ingen sjølvsagt ting. Det kunne like gjerne ha gått gale. Mange meinte: «Riv driden!».
Stiftelsen Norsk Kulturarvs valgkomité innstiller på valg av tidlegare riksantikvar, Jørn Holme, til å etterfølgje Kirsti Kolle Grøndahl som styreleiar.
En ny utredning foreslår støtte til sanering av gamle hus som et tiltak for å gjøre distriktene mer attraktive for de unge. Da utnytter vi ikke potensialet som ligger i gjenbruk av bygninger, og kan risikere å støte nye generasjoner vekk. (Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren)
Sirkulær økonomi og gjenbruk er begreper som mange har hørt om. Men hva betyr egentlig sirkulær økonomi i praksis, og hva sier egentlig regelverket om ombruk av byggevarer? Vi ser på hvordan begrepet sirkulær økonomi passer inn i bygningsvern samt nybygg, og har invitert spennende gjester til å belyse både begrepsbruk og regelverk.