Norsk Kulturarv / Har du kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2020?

Har du kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2020?

Del
Kjenner du nokon som gjer ein stor innsats for kulturminne? Fram til 30. juni kan du foreslå dei som kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2020. (Prisen i fjor vart delt av Torbjørn Løland frå Hyllestad og Per Olav Mathiesen frå Rendalen. Dei fekk kulturminneprisen for sitt arbeid for kunnskap om arkeologiske kulturminne. To ulike områder i Noreg, og to verdige vinnarar. Bilete er frå ei synfaring i Stavanger domkyrkje, oktober 2019. Foto: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren)

Pressemelding hentet fra Bygg og Bevar

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Om prisen

Prisen består av eit kunstverk, diplom og 25 000 kroner.

Dersom vinnaren er ein offentleg institusjon, vil pengepremien bli gitt til ein frivillig organisasjon eller eigar, som vinnaren kan bestemme.

Kven kan få prisen?

Prisen blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for å ta vare på kulturminne, kulturmiljø og landskap. Prisen blir delt ut på Riksantikvarens Høstmøte november 2020.

Nominasjon

Vinnaren blir valt av ein jury på bakgrunn av nominasjonsforslag. Juryen består av Riksantikvarens leiargruppe.

Innsending av forslag

Bruk skjemaet til i lenkja her(klikkbar) for å foreslå kandidatar.

Publisert 
Torsdag, 25 juni, 2020
Les også 

Stiftelsen Norsk Kulturarvs valgkomité innstiller på valg av tidlegare riksantikvar, Jørn Holme, til å etterfølgje Kirsti Kolle Grøndahl som styreleiar.
En ny utredning foreslår støtte til sanering av gamle hus som et tiltak for å gjøre distriktene mer attraktive for de unge. Da utnytter vi ikke potensialet som ligger i gjenbruk av bygninger, og kan risikere å støte nye generasjoner vekk. (Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren)
Sirkulær økonomi og gjenbruk er begreper som mange har hørt om. Men hva betyr egentlig sirkulær økonomi i praksis, og hva sier egentlig regelverket om ombruk av byggevarer? Vi ser på hvordan begrepet sirkulær økonomi passer inn i bygningsvern samt nybygg, og har invitert spennende gjester til å belyse både begrepsbruk og regelverk.
Sidan 2007 har Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen vore utdela. No kan du nominere din kandidat. (Foto: Marit Larsen: Goarahat og Sandvikhalvøya utvalgte kulturlandskap, Porsanger i Finnmark)