Norsk Kulturarv / Hofstad Helleland svarar Norsk Kulturarv

Hofstad Helleland svarar Norsk Kulturarv

Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor
Del
Under Norsk Kulturarvs årsmøte i Bodø i juni, vart det vedteke ei uttale om dei gamle prestegardane. No har kulturminister, Linda Hofstad Helleland svara.

(ALLE FOTO: Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor)

Norsk Kulturarv vedtok i samband med årsmøtet i Bodø ei uttale som vart tilsendt Regjeringa og dei politiske partia på Stortinget. I uttala peika Norsk Kulturarv på si uro over vedlikehaldet av prestegardane framover i samband med at Stortinget hausten 2015 vedtok å oppheve buplikta for prestane i Norge. I uttala sto det mellom anna: "Så lenge prestegardane har vore i aktiv bruk som prestebustad, har det vore kontinuitet i ein lang brukstradisjon og eit løpande tilsyn med anlegga.  Opplysningsvesenets fond (Ovf), som eig over 400 prestebustader i Norge, har etter vedtaket om oppheving av buplikta gått ut med signal om at dei vil avhende mange av eigedomane som ikkje lenger vert nytta til prestebustad.(..) Norsk Kulturarv ser med stor bekymring på vedlikehaldssituasjon i dag og for framtida for dei verneverdige prestegardane. Vi vil be om at regjeringa gjennom Ovf, Riksantikvaren,  Klima- og miljødepartementet og Kulturdepartementet tar opp saka i full breidde."

 

Kulturminister Linda Hofstad Helleland har svara på uttala i eit brev som vart ført i pennen 16.09.2016. Der skriv statsråden at ho set pris på stiftinga sitt engasjement for dei eldre og kulturhistorisk verdfulle prestegardane. Vidare skriv ho: "Sjølv om buplikta for prestar er oppheva, er det ikkje aktuelt å avhende eigedomar med særleg kyrkje- og kulturhistorisk verd. Opplysningsvesenets fond skal framleis eige og forvalte desse eigedomane, og dei vil bli tilrettelagde og tilbode som bustad for presten på staden. Ved sal av andre eigedomar som har kulturhistorisk verd, vil ein leggje vekt på å få kjøparar som kan ta vare på eigedomane for framtida."

 

Brevet kan i sin heilskap lastast ned under relaterte filer.

Publisert 
Torsdag, 29 september, 2016
Les også 

Tenk deg en reise til en by, langs kysten, til en fjelldal eller i en fjord, der alle minner etter våre forgjengere var borte. (Foto: DS Turisten)
Olavsrosestedet, Heddan Gjestegard byr på unike og spennende opplevelser i sommer.
Under utstillinga av elevarbeid ved Hjerleid skule og handverksenter på Dovre vart det overrekt ein uvanleg presang. Senter for bygdekultur var den heldige som fekk ei staseleg lafta bygning. På bilde: Helle Hundevadt, Jon Bojer Godal og Steinar Moldal Foto: Ove Kirkestuen
I budsjettforliket mellom regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF og FrP har partia vorte samde om å auke Kulturminnefondets ramme med 16 millionar kroner. Dermed reverseres kutta som vart gjort i statsbudsjettet for 2021.
Relaterte filer