Norsk Kulturarv / Klart for Volum 2-kurs i Lom

Klart for Volum 2-kurs i Lom

Del
Arne Brimi, Einar Risvik og Per Ivar Berget er klare for å ta imot 20 lærarar som kjem på Norsk Smaksskule sit kurs måndag 21. januar. No tilbyr smaksskulen meir kurs enn nokon gong. (Alle foto: Ingrid Blessom / Norsk Smaksskule)


Smaksskule-"veteran":
Einar Risvik

21.-22. januar går Norsk Smaksskule Volum 2 av stabelen på Brimibue i Lom. Eit nytt fullteikna kurs skal ta for seg smakspreferansar, identitet og terroir. Og kurshaldarane er kjende for dei som har fylgd smaksskulen dei siste åra. Einar Risvik, Arne Brimi og Per Ivar Berget har laga eit heilt eiga opplegg med fokus på mellom anna stadeigne smakar for kursdeltakarane på Norsk Smaksskule Volum 2. Dette konseptet byggjer på større grad av deltaking og involvering, og går enno meir i djubda på arbeidet med smak og matglede. Attendemeldingane etter volum 2-kurset på Ås i 2018 var strålande, og no lovar leiar for Norsk Smaksskule, Tor Valdvik fleire kurs av denne typa. - Vi har opplevd stor pågang til desse kursa og vi har absolutt planar om å både halde fram med og vidareutvikle volum 2-konseptet, seier Valdvik. Det ser såleis ut til å vera enno  meir å glede seg til for lærarar og barnehagelærarar landet over.

Les meir om Norsk Smaksskule Volum 2 her.

 

Publisert 
Fredag, 18 januar, 2019
Les også 

Tenk deg en reise til en by, langs kysten, til en fjelldal eller i en fjord, der alle minner etter våre forgjengere var borte. (Foto: DS Turisten)
Olavsrosestedet, Heddan Gjestegard byr på unike og spennende opplevelser i sommer.
Under utstillinga av elevarbeid ved Hjerleid skule og handverksenter på Dovre vart det overrekt ein uvanleg presang. Senter for bygdekultur var den heldige som fekk ei staseleg lafta bygning. På bilde: Helle Hundevadt, Jon Bojer Godal og Steinar Moldal Foto: Ove Kirkestuen
I budsjettforliket mellom regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF og FrP har partia vorte samde om å auke Kulturminnefondets ramme med 16 millionar kroner. Dermed reverseres kutta som vart gjort i statsbudsjettet for 2021.