Norsk Kulturarv / Kongeleg hjarte for handverk

Kongeleg hjarte for handverk

Del
Hennar Majestet Dronning Sonja er no æresmedlem av foreininga Hjerleids Venner. Utnemninga gjekk føre seg då dronninga gjesta Hjerleid skole og håndverksenter på Dovre 9. september. Tekst og foto: Ove Kirkestuen

 

Foreininga som er ein viktig støttespelar for den tradisjonsrike skulen, har utan tvil fått eit medlem som både er kunnskapsrik og levande oppteken av tradisjonshandverk. I fylgje lærarar og elevar viste dronninga ekte engasjement både for smiing, treskjering, møbelsnikring, lafting og måling. Sjølv på tampen av ein lang dag var interessa på topp då Kate Lillesletten synte henne eit kubbhus med bakaromn. 

Det var ikkje måte på kor interessert dronninga var, fortel Lillesletten.

I fylgje lærar Anders Haugli var Hennar Majestet skikkeleg på heimebane då gamle målingsteknikkar stod på programmet. Med seg på heimvegen fekk den celebre gjesten også ei lita krukke med blekk som elevane hadde laga ved å koke eikebark. Ei gåve som dronninga sette stor pris på. Slottet har truleg ein fjørpenn slik at Hennar Majestet får testa kvaliteten på dei edle dråpane frå Dovre.

Noreg treng Hjerleid

Forutan møte med elevar og lærlingar og ei orientering om skulen og handverksenteret, møtte Dronning Sonja representantar for bedrifta Kvass AS og Steinar Moldal i Dovre handverksenter.

Den kongelege gjesten la vekt på kor viktig Hjerleid er. Ikkje berre for den enkelte elev og lærling, men for Noreg som nasjon.

-Vi treng unge menneske som tek vare på kulturarven vår, og Hjerleid er etter

mitt skjønn ein perfekt stad til dette føremålet. Opplæringa her kjem utan tvil heile landet til gode, sa H.M. Dronninga som var glad for at ho endeleg fekk audiens hjå rektor Helle Hundevadt og styreleiar Kjærsti Gangsø.

Dronninga kunne fortelje at ho oppdaga Hjerleid då ho vart tildelt Norsk Kulturarv sin ærespris i 2015. Forutan eit diplom fekk ho den gongen eit utskore fenalårstativ laga nettopp av treskjerarar på Dovre.

Stativet er heilt nydeleg og det er ofte i bruk. Sidan den gongen har eg ynskt meg hit. Endeleg passa det seg slik og eg angrar slett ikkje på den lange turen. Tvert om, sa H.M. Dronning Sonja, som også fortalte at ho er ein flittig lesar av magasinet Kulturarven.

Eit flott blad, i fylgje dronninga.

 

Publisert 
Tirsdag, 15 september, 2020
Les også 

Tenk deg en reise til en by, langs kysten, til en fjelldal eller i en fjord, der alle minner etter våre forgjengere var borte. (Foto: DS Turisten)
Olavsrosestedet, Heddan Gjestegard byr på unike og spennende opplevelser i sommer.
Under utstillinga av elevarbeid ved Hjerleid skule og handverksenter på Dovre vart det overrekt ein uvanleg presang. Senter for bygdekultur var den heldige som fekk ei staseleg lafta bygning. På bilde: Helle Hundevadt, Jon Bojer Godal og Steinar Moldal Foto: Ove Kirkestuen
I budsjettforliket mellom regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF og FrP har partia vorte samde om å auke Kulturminnefondets ramme med 16 millionar kroner. Dermed reverseres kutta som vart gjort i statsbudsjettet for 2021.