Norsk Kulturarv / Kulturlandskapsprisen til Langklopp og Svenning

Kulturlandskapsprisen til Langklopp og Svenning

Del
Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2018 blir tildelt Torild Langklopp og Roar Svenning for deira landskapspleiearbeid. (Foto: Erik Lillebråten / Norsk Kulturarv)

Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2018 blir tildelt Torild Langklopp og Roar Svenning for deira initiativ og arbeid med å skjøtte kystlynghei-landskapet på eigedomen sin, Troningen gård på


Foto: Brandon Huttenlocher

Stokkøya i Åfjord kommune. Heiene er under tilbakeføring ved rydding av skog, lyngsviing og beiting av sau. Den enorme innsatsen for kystlyngheiene på Stokkøya, er blant anna kome i stand gjennom dugnadar der WWF, Norsk Botanisk Forening, Norges Naturvern-forbund og andre interesserte aktørar, har stilt opp.

Kystlynghei finst langs kysten frå Hvaler i Østfold til Lofoten i Nordland og er forma gjennom rydding av kratt og buskar og fleire tusen års beiting og lyngbrenning. Viktig naturmangfald er knytt til kystlynghei som til dømes blomeplantar, grasartar, mosar, lav og insekt som villbier og den truga kysthumla.


Foto: Brandon Huttenlocher

Langklopp og Svenning driv jordbruk med sau og utnyttar aktivt ressursane gjennom slått og beite. I tillegg driv dei hotellet Stokkøya Sjøsenter. Opplevingar er basert på det naturen har å tilby gjennom til dømes dykking i sjøen eller vandring i kulturlandskapet og kystlyngheiene der skuleklassar, turistar og andre aktørar stadig er på vitjing. Dette er eit godt døme på verdiskaping basert på aktivt bruk av alle gardens ressursar. Eigarane legg stor vekt på å formidle kunnskap om sitt arbeid og om kystlyngheiane til dei som kjem til Stokkøya.

Tildelinga gjekk for seg på Stokkøya Sjøsenter som dei to prisvinnarane også driv og det var statssekretær, Hanne Maren


Statssekretær i Landbruks- og Matdepartementet, Hanne Maren
Blåfjelldal delte ut Kulturlandskapsprisen til Torild Langklopp og Roar Svenning. 

Foto: Erik Lillebråten / Norsk Kulturarv


Blåfjelldal (FrP) som delte ut prisen.

Publisert 
Torsdag, 20 september, 2018
Les også 

Tenk deg en reise til en by, langs kysten, til en fjelldal eller i en fjord, der alle minner etter våre forgjengere var borte. (Foto: DS Turisten)
Olavsrosestedet, Heddan Gjestegard byr på unike og spennende opplevelser i sommer.
Under utstillinga av elevarbeid ved Hjerleid skule og handverksenter på Dovre vart det overrekt ein uvanleg presang. Senter for bygdekultur var den heldige som fekk ei staseleg lafta bygning. På bilde: Helle Hundevadt, Jon Bojer Godal og Steinar Moldal Foto: Ove Kirkestuen
I budsjettforliket mellom regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF og FrP har partia vorte samde om å auke Kulturminnefondets ramme med 16 millionar kroner. Dermed reverseres kutta som vart gjort i statsbudsjettet for 2021.