Norsk Kulturarv / Matkulturens heiderskvinne

Matkulturens heiderskvinne

Del
Astri Riddervold (1925-2019) til minne.

Styret i Norsk Kulturarv deler ut stiftelsens ærespris til enkeltpersonar eller grupper, lag og organisasjonar som har vist særleg aktiv innsats for den norske kulturarven. Prisen vart utdelt for fyrste gong i 2007, og i 2011 fekk Astri Riddervold prisen for årlang formidling av norsk matkultur. Matkultur som kulturminne inngår i det tradisjonsbegrepet Norsk Kulturarv legg til grunn for arbeidet sitt, og inngår i det vi gjerne kan kalle det  immaterielle kulturminnet. Det var også ein avgjerande del av begrunnelsen for at Astri Riddervold fekk prisen.

I samband med 25-årsjubileet vårt i fjor skulle sjølsagt ærespris-mottakarane våre inviterast til feiring. Astri også. Difor ringte eg til henne og vi hadde ein lang og hyggeleg prat. Ho sa at ho ikkje var i form til å koma på jubileet, men ville absolutt ha invitasjonen. Det fekk ho.

Da julenummeret av magasinet Kulturarven skulle lagast – i Norsk Kulturarvs jubileumsår og Det europeiske året for kulturarv – fann vi ut at vi gjerne ville ha portrettintervju med Astri Riddervold. Det vart nok det siste intervjuet ho gav. For oss var det ei ære å få publisere det. Det var ei godt vaksen, men tindrande klar dame som møtte journalisten.

Astri Riddervold var kjemikar og etnolog eller folkeminnegranskar, forskar og forfattar av mange bøker. Ho var ein av dei største kapasitetane i Norge når det kjem til kunnskap om konservering og gamle mat- og drikketradisjonar. Ho fortalde at ho var fødd inn i ei tid da det var forventa at jenter skulle vera lydige, dydige og bli godt gift. Men ikkje Astri, nei! Ho sa:
 – Jeg ble ikke oppdratt som datidens pikebarn. Verden byr kvinner muligheter hun ikke har hatt tidligere. Bruk dem, sa far. Skaff deg en utdannelse så du kan klare deg selv og ikke blir avhengig av en mann. Ikke gift deg før du er ferdig utdannet. Det er alltid noen som vil ha deg når du blir trett av å være alene.

Saman med Bodil Nordjore skreiv Astri Riddervold bok om kvinnerollene. Bodil sa til Astri at ho ikkje måtte finne på å dø før boka var ferdig skreven.  Astri lova, og heldt lovnaden.

– Det er egentlig ingen flere bøker jeg gjerne skulle ha skrevet, men det å skrive har gitt meg god samvittighet, sa Astri. For enda ein ting lærte ho av far sin; Det at den som har meir enn det han treng av kunnskap, tid og pengar, har plikt til å dele med andre.

Nå som heiderskvinna Astri Riddervold ikkje lenger er blant oss, takkar vi henne og lyser fred over minnet.

Kven skal eg takke
for det eg fekk sjå
sola gå under
og berga bli blå?
Kven skal eg takke
for all denne æra
i dette å gå her
og vera og vera -

Kven skal eg takke
for det eg fekk li
så gleda fekk grunn
å røte seg i?
Skogen har gøymt meg
og jord har eg femnt,
men kven eg skal takke
har ingen nemnt.

Frå «Til ein namnlaus» av Tor Jonsson

Stiftelsen Norsk Kulturarv
Erik Lillebråten
Direktør

 

Publisert 
Torsdag, 21 mars, 2019
Les også 

Tenk deg en reise til en by, langs kysten, til en fjelldal eller i en fjord, der alle minner etter våre forgjengere var borte. (Foto: DS Turisten)
Olavsrosestedet, Heddan Gjestegard byr på unike og spennende opplevelser i sommer.
Under utstillinga av elevarbeid ved Hjerleid skule og handverksenter på Dovre vart det overrekt ein uvanleg presang. Senter for bygdekultur var den heldige som fekk ei staseleg lafta bygning. På bilde: Helle Hundevadt, Jon Bojer Godal og Steinar Moldal Foto: Ove Kirkestuen
I budsjettforliket mellom regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF og FrP har partia vorte samde om å auke Kulturminnefondets ramme med 16 millionar kroner. Dermed reverseres kutta som vart gjort i statsbudsjettet for 2021.