Norsk Kulturarv / Norsk Smaksskule i Cambridge

Norsk Smaksskule i Cambridge

Del
Norsk Smaksskule har i fleire år vore ein del av det internasjonale forskningsnettverket for smak, mat- og kosthaldsvaner, Sapere. Førre veke var dei representerte på University of Cambridge for SAPERE Symposium 2019.

Norsk Smaksskule er eit såkalla "train the trainers"-program som kursar lærarar og barnehagelærarar i korleis dei skal skape positive atferdsendringar hjå barn og unga. Formålet er å bidra til at norske barn og ungdommar skal få flest mogleg smaksreferansar i ung alder. Sidan 2015 har Norsk Smaksskule, saman med forskningsinstituttet NOFIMA, vore det norske navet i det internasjonale forskningsnettverket, Sapere. I 2016 arrangerte Norsk Smaksskule det årlege symposiet på Bessheim i Vågå. 

24. og 25. oktober deltok Norsk Smaksskule saman med Nofima på symposiumet, som i år vart arrangert på University of Cambridge i Storbritannia. Der deltok det forskarar og kunnskapsbêrarar frå 14 land fordelt på tre kontinent. Einar Risvik og Tor Valdvik var av innleiarane på konferansa. - Vi fekk svært positive attendemeldingar frå dei andre deltakarlanda, og har allereie vorte invitert til nye land for å dele erfaringar frå vårt arbeid, seier prosjektleiar Tor Valdvik. 

Publisert 
Onsdag, 30 oktober, 2019
Les også 

Tenk deg en reise til en by, langs kysten, til en fjelldal eller i en fjord, der alle minner etter våre forgjengere var borte. (Foto: DS Turisten)
Olavsrosestedet, Heddan Gjestegard byr på unike og spennende opplevelser i sommer.
Under utstillinga av elevarbeid ved Hjerleid skule og handverksenter på Dovre vart det overrekt ein uvanleg presang. Senter for bygdekultur var den heldige som fekk ei staseleg lafta bygning. På bilde: Helle Hundevadt, Jon Bojer Godal og Steinar Moldal Foto: Ove Kirkestuen
I budsjettforliket mellom regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF og FrP har partia vorte samde om å auke Kulturminnefondets ramme med 16 millionar kroner. Dermed reverseres kutta som vart gjort i statsbudsjettet for 2021.