Norsk Kulturarv / Sametinget og kommunalkomiteen fekk del i den gode smaken

Sametinget og kommunalkomiteen fekk del i den gode smaken

Del
- Takk for et fantastisk måltid! Når kommer dokker neste gang?

KARASJOK/KÁRÁŠJOGA: Slik avrunda plenumsleiar i Sametinget, Jørn Are Gaski, da han på vegne av representantane i Sametinget takka for lunsjen som Norsk Kulturarv og Norsk Smaksskule stod for under besøket i mars, saman med skuleelevar frå Karasjok. Serveringa var ein del av opplegget med smaks- og matkurs for skuleelevar over heile landet.

– Det er lov å ikkje like, men du skal smaka på alt! Dette var grunntonen i undervisninga for elevane frå 6. og 7. klasse ved Karasjok skole i løpet av dei to dagane i kantinekjøkkenet på Sametinget. Styreleiar Kirsti Kolle Grøndahl i Norsk Kulturarv, Tor Valdvik frå Norsk Smaksskule og kokkane Ståle Johansen og Kristoffer Hovland hadde travle dagar, saman med lærar Doris Norbye, som stod i spissen for elevane. Kolle Grøndahl og Valdvik orienterte både Sametinget og stortingskomiteen om arbeidet i Norsk Kulturarv og prosjektet Norsk Smaksskule.

Johansen og Hovland er ikkje akkurat ukjende storleikar i kokkefaget, og underviste elevane i den gode smak, bruk av gode råvarer og tillaging av ulike matrettar – i tillegg til at dei var engasjerte til å servere lunsj til medlemmene av Sametinget. At kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget også var på besøk og skulle ha sin lunsj, gjorde det heile enda meir hektisk.


Flatbiffen er servert til medlemmene i Sametinget

– Så bakar vi det i omnen, så det får ei sprø skorpe…
Stortingskomiteen fekk sellerisuppe med steikte reinsdyrhjerte, peparkrem og krutongar. Dette var også forretten under den store lunsjen for Sametinget, som elles baud på flatbiff av rein, storfetunge og soppsaus. Som dessert vart det servert lun molte av friske bær med krem og kamfer. Johansen og Hovland styrte det heile med sikker hand, og elevane deltok under det meste av prosessen. Felles for alle rettane var – som venta – at dei baud på smakar av særskild og original kvalitet.

– Det er viktig at barn får smaksreferansar i ung alder, ikkje berre den eine smaken av pizza eller taco, seier Johansen og Hovland. På eit kjøkken som var både varmt og trongt – og ikkje akkurat bygt for undervisning, greidde dei på framifrå vis å kombinere formidling av kokkekunst med hardkjør for å få to lunsjar på plass. Det heile vart gjennomført med utvist fleksibilitet frå personalet som elles har sitt daglege virke på kantinekjøkkenet. Opplegget inkluderte innkjøp av råvarer i tillegg til det dei hadde med i tung bagasje heimanfrå, og alle som var til stades, fekk demonstrert korleis ting blir til – og i rett rekkefølge – av fagfolk som har gjort dette før.


Sellerisuppa blir bra…

– Viss vi deler opp kjøttet nå, vil all safta renne ut – må få kvile –

Kokkane har lang erfaring i å undervise på kjøkkenet. Når det gjeld overføring av kunnskap til nettopp barn, legg dei vekt på kor viktig det er å få god kontakt med elevane. - Humor er eit godt virkemiddel i så måte, meiner dei to. Vidare er gode og reine råvarer den beste garantien for rein smak og sunn mat, meiner dei to. Vi har liten grunn til å tvile på autoriteten i denne utsegna.

- Vi har hatt det kjekt, var oppfatninga blant elevane. Dei hadde fått opplevd to stjernekokkar i aksjon, som til alt overmål hadde innlemma dei i fleire smarte triks når det gjeld matlaging. Vi for vår del har iallfall forstått at smør framhevar den gode smaken…

Publisert 
Fredag, 27 november, 2015
Les også 

Tenk deg en reise til en by, langs kysten, til en fjelldal eller i en fjord, der alle minner etter våre forgjengere var borte. (Foto: DS Turisten)
Olavsrosestedet, Heddan Gjestegard byr på unike og spennende opplevelser i sommer.
Under utstillinga av elevarbeid ved Hjerleid skule og handverksenter på Dovre vart det overrekt ein uvanleg presang. Senter for bygdekultur var den heldige som fekk ei staseleg lafta bygning. På bilde: Helle Hundevadt, Jon Bojer Godal og Steinar Moldal Foto: Ove Kirkestuen
I budsjettforliket mellom regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF og FrP har partia vorte samde om å auke Kulturminnefondets ramme med 16 millionar kroner. Dermed reverseres kutta som vart gjort i statsbudsjettet for 2021.