Norsk Kulturarv / Storfint besøk på smaksskule i Oslo

Storfint besøk på smaksskule i Oslo

Del
Deltakarane på Norsk Smaksskules fyrste kurs i Oslo fekk celebert besøk onsdag 23. august. Tidlegare verdsmeister i langrenn, Astrid Uhrenholdt Jacobsen heldt foredrag om mat, smak og kosthald frå ein idrettsutøvar sitt perspektiv. (Foto: www.astridjacobsen.com)


Ståle Johansen er fast kokk for langrennslandslaget
og kjenner såleis Astrid U. Jacobsen godt frå før.
Her i samtale under kurset i Oslo 23. august.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen er kjent for dei fleste nordmenn. Og det var mange som vart overraska over at landslagsløparen kom for å prate om sine tankar om smak, kosthald og matvaner. Jacobsen som også har studert medisin hadde mange tanker om hvor viktig det er med riktig kosthald for å prestere fagleg og sosialt - fysisk og mentalt.
- Vi er naudt til å hjelpe dagens unge å forstå at forhåpentleg skal livet vera ganske langt. Då kan vi ikkje bryte ned kroppen med ein gong, sa ho mellom anna. Ho var også svært oppteke av kor viktig det var å "fylle lagra" - like mykje for ein skuleelev som for ein toppidrettsutøvar. - Det er ikkje mange nobelprisvinnarar i medisin som har ei potetgullpakke ståande ved sidan av pc'en sin, forklarte Jacobsen.

Publisert 
Fredag, 25 august, 2017
Les også 

Tenk deg en reise til en by, langs kysten, til en fjelldal eller i en fjord, der alle minner etter våre forgjengere var borte. (Foto: DS Turisten)
Olavsrosestedet, Heddan Gjestegard byr på unike og spennende opplevelser i sommer.
Under utstillinga av elevarbeid ved Hjerleid skule og handverksenter på Dovre vart det overrekt ein uvanleg presang. Senter for bygdekultur var den heldige som fekk ei staseleg lafta bygning. På bilde: Helle Hundevadt, Jon Bojer Godal og Steinar Moldal Foto: Ove Kirkestuen
I budsjettforliket mellom regjeringspartia Høgre, Venstre og KrF og FrP har partia vorte samde om å auke Kulturminnefondets ramme med 16 millionar kroner. Dermed reverseres kutta som vart gjort i statsbudsjettet for 2021.